Eidfjord resort – eit nasjonalt verdival

Eidfjord Resort er eit stort utbyggingsprosjekt i randsona av Hardangervidda villreinområde. La villreinen leva! og Naturvernforbundet i Hardanger åtvarar mot utbygginga. Eidfjord Resort er ikkje berre eit lokalt næringsprosjekt. Det er eit nasjonalt verdival: Skal vi ofre villreinens rike for eit skianlegg?

Skjermdump frå heimesida til Eidfjord Resort

Innlegg av: Bjarte Hestdalen, leiar i La villreinen leva! og Klaus Rasmussen, leiar i Naturvernforbundet Hardanger, Øystese
Innlegget kan òg lesast i Avisa Hordaland: Meiningar, Ordet fritt | Eidfjord Resort – ein gigantisk naturkostnad
Lesetid: 4 minutt


Frå Hardangervidda sitt randbelte i Sysendalen ser vi no eit spel om rekonstruksjon og kreditorvilje for det konkurstrua selskapet Eidfjord Resort Holding (Hardanger Folkeblad 17.09.2025)¹.

Bak tala, ligg den verkelege kostnaden: naturen og villreinen som bur der.

I april 2019 godkjende Kommunal- og moderniseringsdepartementet nye område for alpinanlegg og fritid/turisme i kommunedelplanen for Sysendalen – trass i motsegner frå Statsforvaltaren og mot faglege råd om villrein og naturmangfald².

Statsråd Monica Mæland signerte vedtaket som gav grønt lys for eit anlegg med 22 løyper og ein fjellandsby med 4500 senger.

Barriere, ikkje berekraft

Det faglege grunnlaget var skralt. Kommunen la stor vekt på eit notat frå Norconsult som hevda at Drøllstølgjelet fungerer som barriere, slik at villreinen sjeldan nyttar areala nord for gjelet³. Seinare vurderte Rådgivande Biologer at dette ikkje var ei lovpålagd konsekvensutgreiing etter forskrifta, men ei enklare vurdering⁴.

Likevel vart notatet sentralt for både kommunestyret og departementet. Hardangervidda – nasjonalt ansvar Hardangervidda huser Noregs største villreinstamme. Den regionale planen for Hardangervidda (2019–2035) seier tydeleg at randsonene må ha ro, samanheng og fungerande trekkruter⁵.

Alpinanlegg, lys, trafikk og hyttefelt gjev det motsette: permanente barrierar og meir menneskeleg aktivitet heile året.

Villreinen unngår område med støy og ferdsel – og kan følgjeleg bli utestengt frå viktige beiteområde. Utbyggingar og forstyrringar et opp areal. Eidfjord Resort vil auke ferdselen inn i villreinen sine kjerneområde dramatisk.

Samtidig investerer departementet, statsforvalteren i fire fylke, forskingsmiljø og frivillige store ressursar i å utarbeide tiltaksplanar for Hardangervidda, som nettopp skal sikre villreinen sitt leveområde. Eit arbeid som Eidfjord Resort står i direkte motsetnad til.

Klimarisiko og framtidige inngrep

Eidfjord Resort baserer seg på ein lang vintersesong. Klimaframskrivingar mot 2100 viser færre snødøgn, meir regn og lågare snøgrense⁶. Det betyr fleire snøkanonar, meir vassuttak og energibruk – nye naturinngrep på toppen av dei som allereie ligg i planane. Rekonstruksjon endrar ikkje naturrekneskapen.

Rekonstruktør Gunnar A. Haahjem håpar å få på plass ein avtale med kreditorane «innan eit par veker» for å hindre konkurs¹. Men sjølv om gjelda blir løyst, står naturkostnaden fast. Auka trafikk langs Rv7, lys og støy vil framleis bryte opp eit av landets viktigaste leveområde for villrein.

Ein rekonstruksjon av kapital no gir ein gigantisk naturkostnad seinare. Eidfjord Resort er eit val mellom villrein og varig natur, eller kortsiktig vintersport.

Eidfjord Resort er ikkje berre eit lokalt næringsprosjekt. Det er eit nasjonalt verdival: Skal vi ofre villreinens rike for eit skianlegg som klimaautviklinga sjølv gjer kortvarig? Svaret er klart.

Finansinstitusjonar som støttar prosjektet tek ikkje berre økonomisk risiko, dei tek side mot villreinen.

Politikarar, investorar og departement må våge å setje natur og nasjonalt ansvar først – og la Hardangervidda få ro.


Kjelder:
1. Hardanger Folkeblad: «Eidfjord Resort-rekonstruktør: – Først var det liten vilje, men no har det losna» (17.09.2025).
2. Kommunal- og moderniseringsdepartementet: Vedtak – Kommunedelplan Sysendalen (08.–09.04.2019), signert Monica Mæland.
3. Eidfjord kommune: Kommunedelplan Sysendalen – planomtale (2018), med Norconsult notat v/Endre Lægreid.
4. Rådgivende Biologer: Fagleg vurdering av KU (2020).
5. Regional plan for Hardangervidda 2019–2035, Vestland/Viken/Telemark fylke.
6. Naturvernforbundet i Hardanger: Klima og kunstsnø – utfordringar for Sysendalen/Eidfjord Resort (2023).

Foto av villreinflokk i Sysendalen: Asle Øydvin