Fredag 19.09.25 offentleggjorde regjeringa dei ferdige tiltaksplanane for Snøhetta, Rondane og Knutshø villreinområde. Sjølv om målet med planane er å stanse den negative utviklinga for villreinen innan 2030, trur ikkje planane sjølve at målet er realistisk.
Kva meiner La villreinen leva! om tiltaksplanane?
Nokre gledelege steg i rett retning
Aller fyrst tillet vi oss eit lite gledesrop for at det truleg blir nedlegging av parkeringsplassen Spranget i Rondane. Dette er viktig for å gjenopprette villreintrekket i området. Det er òg symbolsk viktig, fordi det nå blir lettare å motivere andre kommunar til å bidra med reelle tiltak.
Overordna er det liten tvil om at oppmerksomheita som villreinen har fått gjennom fjorårets stortingsmelding og årets tiltaksplanar er positiv. Fleire har fått interesse og forståing for situasjonen i villreinområda.
Tiltaka er minimumsløysingar
Men det er eit stort MEN. Vi meiner tiltaksplanane har alvorlege svakheiter ved seg.
Sanninga er denne: utgangspunktet er så kritisk at tiltaka framstår som minimumsløysingar.
Regjeringa innrømmer i planane at dei ikkje trur tiltaka er sterke nok til å snu utviklinga i tide (sjå tiltaksplanane s. 87 Rondane, s. 66 Snøhetta og s. 57 Knutshø).
Dette er den verkelege testen. Blir villreinen løfta opp til gul eller grøn status, eller trengst det sterkare grep?
Skal vi klare å stoppe nedgangen innan 2030, må alle levere, og vi kan ikkje stole på frivilligheit åleine. Om dagens plan ikkje monnar, må fagfolka sine opphavlege forslag hentast fram att.
Heile høyringsinnspelet vårt til tiltaksplanane for Snøhetta, Rondane og Knutshø les du her.
Areal. Fred og ro
Villreinfjella dekker minst 23 % av Sør-Noreg, og vi undrar om departementet forstår kor mykje dette betyr for så mange.
Avstanden mellom næringsliv og natur veks raskt, medan heile forvaltninga står og fell på samarbeid og tillit. Riset bak spegelen, som ingen er tent med, er at grunneigarane til slutt kan seia nei til planar, løyper eller ferdsel. Kva om dyra får enno dårlegare helse og kollapsar? Kva gjer vi då, alle saman?
Éin ting er sikkert: villreinen vil alltid trenge det same. Areal. Fred og ro.
La villreinen leva! arbeider breitt mot arealpress frå hyttefelt, vegar, kraftprosjekt og tilrettelegging. No skriv vi høyringssvar til fleire planar: sti- og løypeplan for Hardangervidda, tiltaksplan for Hardangervidda og tiltaksplan for Setesdal–Ryfylke. I tillegg rullerast mange arealplanar kring Hardangervidda og Setesdal–Ryfylke. Det er truleg her kampen står, ikkje i tiltaksplanane åleine.
