Spørsmål og svar om villrein

Frequently Asked Questions FAQ
Ofte stilte spørsmål – OSS

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om villrein.

DENNE SIDA ER UNDER UTARBEIDING.

Når kalvar villreinen?

Villreinen i Noreg kalvar i mai, og kalvinga går føre seg over om lag ei veke. Men tidspunktet for kalving varierer mellom villreinområda, frå tidleg til seint i mai. I område som Forollhogna og Ottadalen kalvar reinen tidleg; dei første kalvane kan bli observerte alt i slutten av april, medan reinen i Snøhetta og på Hardangervidda kalvar i siste halvdel av mai, tre veker seinare.

Les meir

Skilnaden i kalvingstidspunkt er slett ikkje tilfeldig og er eit godt eksempel på korleis reinen tilpassar seg næringstilgangen.
Topografi, klima, jordsmonn og menneskeleg påverknad varierer mellom villreinområda og avgjer vilkåra reinen må leva under. Næringstilgangen gjennom året, og særleg vinterbeitene – perioden da simlene ber fram fostera – er avgjerande. Som hjå andre hjortedyr er det ein sterk samanheng mellom kondisjonen og kroppsvekta til mora og fødselsvekta til kalven. I område med gode forhold har kalvane jamt over høgare fødselsvekt og større overleving enn i dårlegare område. Det løner seg å vera stor som liten.

Men økologien til villreinen er meir finurleg enn som så: Simler i stammar med god kondisjon føder store kalvar tidlegare enn andre. Dei har ekstra kroppsreservar og kan gjeva mjølk til kalven i perioden fram til den grøne planteveksten kjem i gang, utan å tømme kritisk av eigne reservar. Da har kalven fått eit forsprang på dei seinare fødde kalvane og eit betre utgangspunkt for å byggje eigne kroppsreservar vidare utover sommaren og hausten.

Simler i dårleg kondisjon, derimot, har ikkje reservar til å gjeva mjølk til ein kalv tidleg i mai når snødekket er tjukt, og må velja den nest beste strategien: å vente til det blir grøne planter slik at dei får næring til å produsere nok mjølk. Desse småe kalvane får ein seinare start og blir liggjande etter dei andre gjennom sommaren og hausten. Ernæringsmessig sett er det dyrt å vera fattig.

Ulike område og ulike strategiar – slik har villreinen tilpassa seg norsk natur. Vi må sikre at han har leveområde til å vera villrein.

Vis ekstra omsyn til reinen i kalvingstida!

Tekst og foto: Arne J. Mortensen
Les meir om kalving og kalvingsplassar på nettsida til Norsk villreinsenter

Kvar i verda finst det villrein?

Kvar i Noreg finst det villrein?

Kor mange villrein bur i Noreg?
I Norge finst det ca. 25 000 villrein (tundrarein). 

Kva er forskjellen på villrein og tamrein?

Kor tung er ein villrein?
Ein vaksen villrein i Noreg veg gjerne 30–50 kg (simler) og 50–100 kg (bukkar), medan årskalvar kan vega 15–25 kg.

Kvifor er villreinen raudlista?

Kva er utfordringane til villreinen?

Kvifor treng villreinen store areal?

Kvifor er villreinen så sky og redd for folk?

Kvifor blir det jakta på villrein?

Korleis kan eg vise omsyn til villreinen når eg er på tur? (Villreinvettreglane)

Korleis kan eg engasjere meg for villreinen?

Kvifor blir villreinen kalla nasjonaldyret vårt?