I samband med at sak om opprusting og utviding av kraftverk Røldal-Suldal er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, har La villreinen leva! levert dette høyringsinnspelet til NVE.
Alle innspela kan lesast her.
1. Kvifor me uttalar oss
La villreinen leva! arbeider for å sikre villreinens leveområde og trekkmoglegheiter. Me gjev dette innspelet fordi planlagd pumpekraftdrift i Votna og Holmavatnet rører ved sentrale funksjonsområde for villrein i randsona mellom Hardangervidda og Setesdal Ryfylke. Dette er område der både dagens situasjon og moglegheita for framtidig betring er avgjerande.

2. Kva utgreiingane sjølve legg til grunn
NVE og konsesjonær legg i eigne utgreiingar til grunn at
- E134 i dag er ein sterk forstyrrings- og barrierefaktor for villrein
- meir tunnelløysing og vinterstenging av veg kan redusere denne barriereeffekten
- områda kring Votna og Holmavatnet då kan få større tyding som trekk- og beiteområde
Samtidig viser dei same utgreiingane at pumpekraft inneber
- hyppige og raske vasstandsendringar
- meir ustabile og utrygge isforhold
- auka risiko i iskanten
Dette er forhold som utgreiingane sjølve peikar på som negative for villrein, særleg vinterstid.

Bilete av villreinens bruk knytt til området. Foto: Jan Øvregård og Oddbjørn Lynghammar.



3. Ei feilslutning om samla belastning
I fleire utgreiingar blir det konkludert med at samla belastning kan bli mindre dersom forstyrringa frå E134 blir redusert, sjølv om det blir etablert pumpekraft i Votna og Holmavatnet. La villreinen leva! meiner dette byggjer på ei feilslutning.
Når barriereeffekten frå vegen blir redusert, vil
- isforhold
- reguleringsregime i magasina få større tyding for om villreinen faktisk kan nytte området. Pumpekraft gjer desse forholda mindre føreseielege og meir risikofylte. Tiltaket fjernar difor ikkje ein barriere, men flyttar han.
Dette er òg peikt på av Røldal fjellstyre og villreinforvaltninga, som konkluderer med at pumpekraft i Votna og Holmavatnet gir ei netto forverring for villreinen, både med og utan framtidig tunnelløysing på E134.
Dette inneber at vurderinga av samla belastning i realiteten blir baketter og ikkje tek høgde for framtidig bruk, drift og presedens.
4. Votna og Holmavatnet må vurderast samla
Votna og Holmavatnet kan ikkje vurderast kvar for seg. For villreinen fungerer desse regulerte vatna som samverkande barrierar i same landskapsrom. Når begge blir drifta med pumpekraft
- minkar moglegheita for trygg kryssing av is
- alternative trekk rundt magasina blir snevra inn
- risikoen aukar for at viktige vintertrekk fell bort
Lokalkunnskap frå området understøttar dette biletet. Stadnamn som Reinsvatnet, Reinskvelven og Reinsvaet vitnar om langvarig bruk av området av villrein. Det er også kjent at villrein kryssar Votna vinterstid for å nå beiteområde mot Gauthedlernuten, Høljanosa, Tarjebudalen og vidare nordaustover til gode beiteområde som blir nytta av Setesdalsdyr aust for Valldalen frå vinter og heilt til sept/okt.
Dyra som er i Tarjebudalen/Votnaområdet kan kryssa nede i Tarjebudalen eller over Svandalsflontunnelen. Kryssing over asfalt er utfordrane for dyra då det er så stor trafikktetthet og dei brukar god tid på å bestemme seg for passering.
I dag er dei aller fleste kryssingane over E134 over tunnelane på Svandalsflona og Dyrskard.
Slik erfaringskunnskap er særleg viktig i område der dagens bruk er redusert som følgje av tidlegare inngrep, og kan ikkje avskrivast med utgangspunkt i avgrensa GPS-registreringar dei siste åra.
Dette er kumulative effektar som etter naturmangfaldlova skal vurderast samla. La villreinen leva! meiner dette ikkje er gjort på ein tilstrekkeleg måte.
5. Uvisse og føre-var
Utgreiingane erkjenner at
- kunnskapen om villrein sin bruk av islagde reguleringsmagasin er mangelfull
- framtidige isforhold under marknadsstyrt pumpekraft er usikre
- klimaendringar aukar denne uvissa
Etter naturmangfaldlova § 9 skal slik uvisse kome naturen til gode. I denne saka talar uvissa tydeleg mot pumpekraftdrift i vinterhalvåret.
6. Om NVE si rolle og vurderingsramme i villreinfjella
La villreinen leva! meiner at denne saka avdekkjer ein systemsvikt i måten pumpekraft i villreinområde blir vurdert på. Tiltaket blir handsama som eit isolert prosjekt som kan avbøtast og tilpassast, utan at det blir vurdert opp mot nasjonale mål for villrein, kvalitetsnorma og kravet om redusert samla belastning.
NVE sine utgreiingar tek utgangspunkt i om inngrepet kan gjerast «akseptabelt», ikkje i om det bidreg til måloppnåing. Dermed blir villreinfjella gjort til innsatsfaktor i eit marknadsstyrt energisystem som manglar politisk prioritering av både energibruk og naturvern. Dette er ikkje i tråd med intensjonen bak verken naturmangfaldlova, kvalitetsnorma eller tiltaksplanane for villrein.

7. Prinsipiell merknad om energipolitikk, behov og naturtap
Vurderinga av pumpekraft i villreinområde kan ikkje skiljast frå den overordna energipolitikken. I dag finst det inga reell politisk prioritering av kva straumen i Noreg skal brukast til. Energisystemet er i praksis marknadsstyrt, der etterspurnad vert definert av kven som søkjer, ikkje av faktiske samfunnsbehov.
Resultatet er at nye kraftinngrep blir grunngjevne med behov for meir fleksibilitet, utan ei samla vurdering av kven som utløyser behovet, kva forbruket går til, og kva naturverdiar som går tapt. Dette framstår ikkje som grøn omstilling, men som vidare vekst i energibruk, der naturen fungerer som kompensasjon for manglande politiske prioriteringar.
Pumpekraft produserer ikkje ny energi, men legg til rette for meir intensiv bruk av eksisterande reguleringar. Naturkostnaden er varig, medan nytten i hovudsak er marknadsstyrt og kortsiktig.
Vassdraga er landskapet sine blodårer. Inngrep i slike system påverkar samanhengen i økosystemet og må vurderast i lys av nasjonale mål for villrein, kvalitetsnorma og kravet om å redusere samla belastning. Så lenge slike overordna prioriteringar manglar, kan ikkje pumpekraft i villreinområde reknast som eit nødvendig eller forsvarleg tiltak.

8. La villreinen leva! sitt standpunkt
La villreinen leva! meiner at
- pumpekraft i Votna og Holmavatnet ikkje bør få konsesjon, fordi tiltaket gir ei varig svekking av viktige funksjons- og trekkområde for villrein og bind opp moglegheita for framtidig betring
Dersom det likevel blir gitt løyve, må det setjast klåre og bindande vilkår
- pumpekraft og effektkøyring skal ikkje skje i periodar med islegging, isdekke eller isløysing
- vinterdrifta skal vere basert på stabile vasstandar utan raske endringar
- drift skal kunne stansast dersom overvaking viser negativ effekt på villrein
Utan slike vilkår vil pumpekraft i Votna og Holmavatnet vere i strid med føre-var-prinsippet, kvalitetsnorma for villrein, målet om å redusere samla belastning i villreinområdet og moglegheita for framtidig restaurering av trekk mellom villreinområda.
