Her kan du lesa høyringssvaret som La villreinen leva! har sendt til Klima- og miljødepartementet.
Lesetid: 25 minutt
Alle innsendte innspel kan lesast her: Klima- og miljødepartementet
Høringssvaret til tiltaksplanen for Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei finn du her: Setesdal
Høyringssvaret til tiltaksplanane for Snøhetta, Knutshø og Rondane finn du her: Snøhetta, Knutshø og Rondane
Del 1. Innleiing og bakgrunn
La villreinen leva! stiller seg fullt ut bak Statsforvaltarane sitt utkast til tiltaksplan for Hardangervidda (2023).
Dette utkastet representerer eit grundig, fagleg og lokalt forankra arbeid med reell forvaltningskraft. Det tek utgangspunkt i kvalitetsnorma for villrein, og legg opp til konkrete, målbare og rettsleg forpliktande tiltak for å snu den negative utviklinga for villreinen på Hardangervidda.
Det er også viktig å poengtere at faggrunnlaget er lokalt forankra og at det aldri har vore så høg sosial aksept for tiltak som no.
Den tiltaksplanen som no er sendt på høyring frå Klima- og miljødepartementet (2025) byggjer i hovudsak på det same kunnskapsgrunnlaget, men har i prosessen mista mykje av den tyngda, forpliktinga og konkretiseringa som låg i
Statsforvaltarane sitt arbeid. Planen framstår som ei oversikt over moglege tiltak, ikkje ein bindande tiltaksplan med klare resultatkrav.
Hardangervidda er det største og mest sentrale villreinområdet i Europa. Difor må tiltaka her vera både forpliktande og kraftfulle, og byggje vidare på det beste faglege grunnlaget som ligg føre.

Foto: Rein-Arne Golf
Departementet manglar sjølv tru på planen
Høyringsnotatet frå Klima- og miljødepartementet innrømmer sjølv at tiltaksplanane truleg ikkje vil vera tilstrekkelege til å betre tilstanden for villreinen innan 2030, og at det er lite sannsynleg at Hardangervidda når «middels kvalitet» i tråd med kvalitetsnorma før 2050.
Når departementet på førehand uttrykkjer manglande tru på eigne planar, viser det at verktøyet dei legg fram ikkje står i forhold til alvoret i situasjonen. Dette er etter vår vurdering sterkt kritikkverdig.
Når departementet meiner at tiltaksplanen ikkje vil oppfylle kvalitetsnorma, har dei etter naturmangfaldlova § 13 plikt til å leggje fram sterkare og rettsleg bindande tiltak, ikkje ein frivillig tiltaksmeny.
Del 2. Fagleg grunnlag og vurdering av tiltaksplanen
Våre hovudpunkt
La villreinen leva! krev at tiltaksplanen vert revidert slik at han byggjer vidare på Statsforvaltarane sitt faglege grunnlag, og tek opp i seg følgjande hovudpunkt frå våre tidlegare høyringsinnspel:
- Villreinen må vera premissgivar.
Alle planar og tiltak må underordnast artens behov for ro, samanheng og leveområde. - Sti- og løypeplanen må flettast saman med tiltaksplanen.
Ferdselsregulering må ikkje vera eit eige, svakare dokument. Planen må vera samla og juridisk forplikta. - Reell reduksjon av ferdsel.
Ferdsel skal ikkje flyttast, men reduserast. Prinsippet skal vera «forbod med unntak», ikkje motsett. - Varige stengingar av hytter og stiar.
Hellevassbu, Litlos, Torehytta, Lågaros og tilhøyrande stisystem må stengjast permanent. - Forbod eller streng styring av aktivitetar som kiting, sykling, hundekøyring og dronar i og nær kjerneområda.
- Sterk regulering av randsoner og innfartsvegar.
Tinnhylvegen, Hjølmoberget og liknande vegar må stengjast eller regulerast kraftig. - Ingen nye hytter eller stiar frå hyttefelt.
Randsona skal vera buffer, ikkje ekspansjonssone. - All motorisert ferdsel må registrerast og kontrollerast.
Det trengst eit digitalt register og felles praksis på tvers av kommunar. - Felles forvaltningsstyre for Hardangervidda.
Eitt organ med felles reglar og ansvar for gjennomføring og tilsyn. - Klimapress, kraftutbygging og arealfragmentering må inngå som samla trusselbilete.
Tiltaksplanen må forplikte til reduksjon av desse påverknadene.
Føre-var og rettsleg forankring
Kvalitetsnorma for villrein er ein del av Noreg si oppfølging av naturmangfaldlova §§ 4, 8–12 og føre-var-prinsippet (§ 9).
Ein tiltaksplan som ikkje inneheld juridisk bindande tiltak, er ikkje i samsvar med lova sitt formål. Planen må difor få formell status som rettsleg forplikta styringsdokument, gjerne gjennom regionale planføresegner eller forskrift.
Arealpress og kommunal planmakt
Arealpresset i randsonene kring Hardangervidda er ekstremt, særleg i Rauland, Vågslid, Eidfjord og Lufsjåtangen-området.
Utbyggingspresset aukar trass i planvask og regionale planar. Erfaringane syner at kommunal planmynde ikkje maktar å stoppe ekspansjon når kommunen sjølv har økonomiske interesser knytt til eigedomsskatt, turisme og næringsutvikling. La villreinen leva! meiner difor at kommunal planvask ikkje er eit tilstrekkeleg verkemiddel. Staten må ta eit tydelegare grep gjennom statlege planretningslinjer, nasjonale føresegner og eventuell mellombels byggjestopp i dei mest pressa randsonene
Miljødirektoratets støtteordning «Villreinfjellet som verdiskapar»
La villreinen leva! stiller seg kritisk til måla og retningslinene i programmet Villreinfjellet som verdiskapar.
Sjølv om intensjonen var å skape lokal forankring og aksept for villreintiltak, har programmet i praksis utvikla seg til eit turistfremjande prosjekt snarare enn eit naturverntiltak. Nokre av tiltaka som er finansierte gjennom programmet kan føre til auka ferdsel og kommersiell bruk av villreinområda, snarare enn å redusere presset. KLD må evaluere ordninga og sikre at framtidige midlar berre går til tiltak som dokumentert styrkjer villreinen sin situasjon.
Økonomisk verdiskaping bør ikkje vera eit krav.
Retningslinene må endrast slik at ein ikkje kan søkje om støtte til å reklamere for eller å skapa aktivitet inne i villreinområda.
Søknadsordninga må stille tydelegare krav til dokumentasjon på korleis pengane blir brukt og at støtta blir brukt på ein måte som direkte gagnar villreinen. Eit eksempel: Når Den norske turistforening reiser på møte om tiltaksplanane, sender dei rekninga til støtteordninga «Villreinfjellet som verdiskapar». Vi meiner det er ein uheldig bruk av villreinens og fellesskapets midlar.
Oppmoding til Klima- og miljødepartementet
Vi ber Klima- og miljødepartementet om å revidere den føreslåtte tiltaksplanen slik at:
- han tek opp i seg heile Statsforvaltarane sitt utkast frå 2023,
- han gjer tiltaka bindande og etterprøvbare,
- han integrerer ferdselsregulering og forvaltningsreform i eitt dokument,
- og han forankrar planen i kvalitetsnorma for villrein og føre-var-prinsippet.
DNT si rolle i prosessen
La villreinen leva! meiner at DNT sin innsats i villreinspørsmålet har vore motstridande.
DNT har teke imot betydelege statlege midlar til villreinarbeid. Samstundes har organisasjonen motarbeidd villreintiltak. NRK avslørte at DNT har utarbeidd ei medie- og interessentkartlegging innan villreinsaka. Kartlegginga viser at organisasjonen har sett på villreintiltak som ein potensiell trussel mot eiga verksemd.
At DNT har motarbeidd konkrete villreintiltak og samstundes framstilt seg som naturvernaktør, svekker tilliten både til prosessen og til at ferdsels- og arealtiltak blir gjennomførde med villreinen sine behov som premiss.
La villreinen leva! krev at høyringssvaret og tiltaksplanen går fram med ein klar vurdering av interesser og maktforhold, og at roller som over tid har balansert mellom verne- og bruksinteresser, blir teken inn i forvaltningsmodellen.

Foto: Rein-Arne Golf
Tiltaksplanens legitimitet og maktbalanse
Tiltaksplanen mistar legitimitet når store og ressurssterke aktørar slepp unna dei reelle restriksjonane, medan lokale grunneigarar, fjellstyre og bygdesamfunn blir sittande med ansvaret og belastninga.
Dette er særleg tydeleg i måten DNT har operert i prosessen: organisasjonen har motarbeidd sentrale villreintiltak, samstundes som dei har hatt tett dialog med statlege styresmakter og framstilt seg som premissleverandør for «balanserte løysingar».
Når ein privat interesseaktør får større innverknad enn vernemyndigheiter og statsforvaltarar, er det eit systemproblem.
Det er departementet sitt ansvar å sikre at tiltaksplanen får legitimitet og rettferdig fordeling av ansvar. Dersom store nasjonale organisasjonar står heva over forvaltninga, vil samarbeidsklimaet kollapse. Riset bak spegelen er at lokale grunneigarar og forvaltningsaktørar, som i utgangspunktet er positive til tiltak for villreinen, vender seg mot prosessen, og tek med seg både lokale forvaltningsgrep og gode initiativ i protest.
La villreinen leva! meiner at KLD må ta eit tydeleg ansvar for å gjenreise tillit til tiltaksplanarbeidet gjennom openheit, likebehandling og reell statleg styring.
Del 3. Kommentarar til målområda og tiltaka i tiltaksplanen
Målområde 1: Betre tilgang til kalvings- og oppvekstområde og sommarbeite i nordvest
Bakgrunn
Statsforvaltarane si faggruppe viste at reinen ikkje lenger nyttar dei beste kalvingsområda i nordvest (Sandfloeggi–Kvenna–Hårteigen-området). Hovudårsaka er menneskeleg forstyrring, særleg ferdsel og hytter.
LAV sitt syn
La villreinen leva! støttar fullt ut tiltaka frå Statsforvaltarane, og meiner dei må inn i den endelege planen utan svekking:
- Varig stenging av DNT-hytter og stiar: Hellevassbu, Litlos, Torehytta, Hadlaskard og Lågaros må stengjast.
– Dette er heilt avgjerande for at reinen skal ta området i bruk igjen. – Vi avviser KLD si formulering om «midlertidig vurdering» og «dialog med DNT».
- Avvikling av stinett og løypetraséar i kalvings- og oppvekstområda.
- Ferdselsforbod i kalvingstida (15. april–15. juni) med mogleg utviding etter behov.
- Spegelvendingsprinsipp for alle aktivitetar som gjev høg fart og stor rekkevidde (kiting, sykling, hundekøyring, dronar).
Dette er i samsvar med Felles sti- og løypeplan-innspelet vårt og med høyringsuttalane våre til Knutshø og Rondane, der vi la vekt på at ro i kalvinga er ein økologisk grunnføresetnad og må sikrast gjennom forbod, ikkje tilrettelegging.
Målområde 2: Sikre haust- og vinterbeite på nord- og austvidda med tangane austover
Bakgrunn
Områda mot Imingfjell, Mår og Solheimstulen er sterkt påverka av vegar, hytter og motorferdsel.
LAV sitt syn
Ingen nye hytter eller tilkomstvegar frå randsona. Randsona skal vera buffer, ikkje ekspansjonssone.
Stenging eller streng regulering av Tinnhylvegen, Hjølmoberget og liknande vegar. Desse fungerer som barrierar og må stengjast for allmenn ferdsel.
Arbeide for reduksjon av motorisert vintersport og scootertrafikk, både privat og kommunal.
Sonering av motorferdsel slik at all transport skjer i periodar og soner utan rein.
Målområde 3: Ta vare på urørte område som reinen faktisk brukar i dag
Bakgrunn
Reinen held seg i dag mest i sørlege og austlege delar, spesielt i Vinje, der ferdselsbelastninga er minst. Desse områda må vernast, slik at ikkje presset flyttar seg dit.
LAV sitt syn
- Føre-var-prinsippet (§ 9 NML) skal nyttast konsekvent: ingen nye inngrep i desse sonene.
- Planvask av kommunale arealdelar: alt som opnar for nye inngrep må fjernast.
- Ingen nye hytter, vegar eller løyper i desse områda.
- Overvaking av ferdsel og bruk, med data frå GPS-teljarar.
- Fjerne etablerte turiststiar som Falkeriset.
Dette er i tråd med kvalitetsnorma og naturmangfaldlova sine krav om å hindre vidare forringing av leveområde.
Målområde 4: Ivareta funksjonelle trekk mellom sesongbeiter
Bakgrunn
Reinen sine trekk er sterkt påverka av vegar og kraftanlegg (E134, Rv7, Mår- og Songa-magasina).
LAV sitt syn
Vi støttar fullt ut Statsforvaltarane sitt forslag om å reetablere trekkpassasjar og sikre korridorar:
Kraft- og utbyggingsplanar må stoppast dersom dei bryt viktige trekk for eksempelvis pumpekraftverk. Dette gjeld fleire av dei store vassdraga som allereie sommarstid utgjer barrierar som Songavassdraget, Mår og Møsvatnet.
Landbruer ved Mår, Strengen og Gravøy må prioriterast som statlege prosjekt.
Tunnelløysingar under Rv7 og E134 må planleggjast no, sjølv om dei kan kome på sikt.
Målområde 5: Endringar i bestandsforvaltning og jakt
Bakgrunn
Bestandsforvaltninga må bidra til å betre kondisjon og produksjon, men utan å overskygge areal- og ro-problematikken.
LAV sitt syn
Arbeide for fleire fredningssoner og samkøyre desse med stenging av stiar i same område.
Vi støttar forslag om nattefreding under jakt og styrkt jegeropplæring.
Selektivt uttak for å bevare gode avlsdyr kan vera fornuftig, men må ikkje brukast som avleiing frå arealproblema.
Fokus må vera på økologisk berekraft og sosial aksept snarare enn kortsiktige jaktmål.
Målområde 6: Overordna tiltak og forvaltningsstruktur
Bakgrunn
Statsforvaltarane tilrådde ein ny forvaltningsmodell for Hardangervidda nasjonalpark og tilhøyrande område, med betre samordning og felles styring.
LAV sitt syn
Klima-, energi- og arealpress må behandlast samla, i tråd med kvalitetsnorma og føre-var-prinsippet.
Etabler eitt felles forvaltningsstyre på tvers av kommunane – med delegert mynde, felles reglar og felles digitalt system for motorferdsel og dispensasjonar.
Tiltaksplanen må gjerast rettsleg bindande, med heimel i PBL og/eller forskrift.
Tiltaka må koordinerast med sti- og løypeplanen, ikkje liggje som eit separat dokument.
Samla vurdering av målområda
Tiltaksplanen slik den føreligg frå KLD, må forsterkast på alle punkt der Statsforvaltarane sitt utkast var konkret og bindande. Det handlar ikkje om fleire prosessar – men om gjennomføring og juridisk kraft.
Hardangervidda kan ikkje forvaltast med frivillig deltaking og intensjonar; villreinen treng faktisk fred.
Del 4A. Juridisk forankring og føre-var-prinsippet
Naturmangfaldlova som ramme
Tiltaksplanen for Hardangervidda må ha klar forankring i naturmangfaldlova (NML) og kvalitetsnorma for villrein. Desse set både rettslege og forvaltningsmessige plikter for styresmaktene.
Etter § 4 i NML skal forvaltninga sikre at naturtypar og artar finst i levedyktige bestandar på lang sikt. § 8–12 stiller krav om kunnskapsgrunnlag, føre-varprinsippet, samla belastning, økosystemtilnærming og kostnadseffektiv bruk av verkemiddel. Tiltaksplanen må vise korleis desse paragrafane faktisk vert oppfylt i praksis – ikkje berre nemnt som mål. Det er ikkje tilstrekkeleg at planen vert «ein rettleiar» eller «frivillig verktøykasse».
Når staten sjølv har etablert kvalitetsnorma for villrein som juridisk forplikting etter NML § 13, har departementet òg ansvar for å leggje fram ein plan som kan gi reell normoppnåing. Ei tiltaksoversikt utan rettsverknad er ikkje eit tilstrekkeleg svar på denne plikta.
Plan- og bygningslova og rettsleg binding
Plan- og bygningslova (PBL) gjev kommunane og staten verkemiddel til å gjera tiltaka bindande:
- Regional plan med planføresegner, jf. § 8-5, kan fastsetje rettsleg bindande retningslinjer for ferdsel, motorferdsel og arealbruk.
- Kommunedelplanar kan vidare konkretisere tiltaka som del av rettsleg planverk.
- Verneforskrifter og forskrifter etter NML § 22 kan nyttast for ferdselsregulering og tidsavgrensa stengingar.
La villreinen leva! meiner at Tiltaksplanen må vera eit juridisk dokument: enten som del av regional plan med føresegner eller som eiga forskrift med heimel i NML § 22. Utan rettsverknad vert tiltaka ståande på papiret, medan presset mot villreinen aukar i felt.
Føre-var-prinsippet (§ 9 NML)
Føre-var-prinsippet er ikkje berre eit moralsk prinsipp, det er ei rettsleg plikt.
Når det finst risiko for alvorleg skade på eit naturmangfald, skal tiltak som kan hindre skade, setjast i verk sjølv om kunnskapsgrunnlaget ikkje er fullstendig.
For Hardangervidda er kunnskapen klår: villreinen har minka kraftig i bruk av leveområda sine, trekka er brotne, og bestandskvaliteten er lågare enn norm tillet. Dermed blir føre-var-plikta utløyst fullt ut.
Departementet kan ikkje basere forvaltninga på frivillige løysingar eller på at kommunane «vurderer» tiltak. Føre-var-prinsippet krev handling no, i form av konkrete, tidfesta og bindande tiltak.
Kvalitetsnorma for villrein som rettsleg plikt
Kvalitetsnorma for villrein (fastsett av Klima- og miljødepartementet 2020) gjev klare mål for arealkvalitet, bestandsstruktur og påverknad. Dersom eit villreinområde ikkje oppfyller norma, er det etter § 13 NML plikt til å setja i verk tiltak som kan betre tilstanden.
Hardangervidda er vurdert til å ha dårleg tilstand.
- Tiltaksplanen er dermed ikkje frivillig politikk, men lovpålagt oppfølging av kvalitetsnorma.
- Dette forpliktar departementet til å sikre at planen inneheld effektive, målbare og kontrollerbare tiltak, ikkje berre intensjonar.
Behov for forvaltningsreform
Mangelen på samordning mellom kommunane undergrev gjennomføringa av lova.
La villreinen leva! støttar difor Statsforvaltarane si tilråding om å opprette eit felles forvaltningsorgan for Hardangervidda, med delegert mynde og felles regelverk for motorferdsel, ferdsel og dispensasjonar. Dette er i tråd med NML § 7 om økosystemtilnærming og med prinsippet om effektiv ressursbruk (§ 12).
Konklusjon
Tiltaksplanen for Hardangervidda må:
- Gjerast rettsleg bindande, gjennom forskrift eller planføresegn.
- Byggje direkte på kvalitetsnorma og føre-var-prinsippet.
- Ha tydelege ansvarslinjer og tidsfristar for gjennomføring. 4. Etablere felles forvaltningsstyre for samordna oppfølging.
Berre slik kan planen tilfredsstille lovverket og sikre reell effekt for villreinen. Alt anna vil vera i strid med naturmangfaldlova sitt formål og med Noregs internasjonale forpliktingar.

Foto: Asle Øydvin
Del 4B. Forvaltningsgrep og styrking av verkemiddel
Nasjonalparkforskrifta
Tiltaksplanen må følgjast av ei revisjon av nasjonalparkforskrifta for Hardangervidda, før neste rullering av forvaltningsplanen.
Dagens forskrift er ikkje tilpassa dei utfordringane villreinen står i no, særleg når det gjeld ferdselsregulering, motorferdsel og grenseflate mot randsona. Ein revisjon må sikre at forskrifta gir heimel til både permanente stengingar, sonering og dynamisk ferdselsforvaltning.
Kommunane som planstyresmakt må styrkast for å kunne handheve restriksjonar på ferdsel. Til dømes har Nore og Uvdal kommune i sin kommuneplan vedteke å fjerne DNT-stien mellom Lågaros og Mår, men tiltaket er ikkje respektert av DNT. Dette illustrerer kor svakt eit lokalt vedtak står utan statleg oppfølging.
Kommunane må få både juridisk og praktisk støtte til å gjennomføre slike vedtak, og statlege aktørar må respektere lokale planar som er forankra i nasjonale mål for villrein.
Behov for ein nasjonal plan mot villreinfragmentering
Dagens område-for-område-tenking fangar ikkje opp det samla bilete av villreinens situasjon i Sør-Noreg. Fragmenteringa av leveområda skjer på tvers av forvaltningsgrenser, og summen av lokale tiltak gir ikkje heilskap.
La villreinen leva! føreslår at Klima- og miljødepartementet utarbeider ein nasjonal plan mot villreinfragmentering. Ein slik plan må samordne infrastruktur, kraftutbygging, hyttepolitikk og ferdselsregulering på tvers av regionane, slik at alle villreinområde blir sett i samanheng og forvaltninga får ei samla retning.

Foto: Asle Øydvin
Del 5A. Klima, arealpress og samla belastning
Randsonene som buffer – ikkje ekspansjonssone
Erfaringane frå nesten alle villreinområda viser at det økologiske presset ofte kjem frå randsonene:
- hyttefelt, parkeringsplassar, snøskuterløyper og «aktivitetssatsingar» som gradvis flyttar grensene innover. Denne utviklinga må snu.
For Hardangervidda må randsona behandlast som økologisk buffer, ikkje ekspansjonsområde. Det betyr:
- full stans i nye hytter, vegar og stiar frå hyttefelt,
- ingen nye tilretteleggingstiltak frå randsona mot kjerneområda,
- planvask av kommuneplanar slik at randsona får strengare vern, ikkje friare bruk.
Dette er heilt avgjerande for å sikre ro og samanheng, og byggjer på erfaringane frå Knutshø og Snøhetta der tilsvarande tiltak har gjeve dokumentert effekt.
Hardangervidda i eit endra klima
Klimaendringane er no ei av dei største og raskast veksande truslane mot villreinen.
Hardangervidda ligg lågt i høve til dei fleste andre villreinområde, og dei små marginane i snø- og temperaturregime gjer at endringane her slår ekstra hardt:
- kortare vintrar og ustabil snø gir fleire islag og dårleg tilgang på vinterbeite,
- varmare somrar aukar insektpresset og reduserer tida reinen kan beite og kvile,
- aukande frekvens av ekstremvêr gjer trekk og kalving meir krevjande.
I møte med dette må klimaomsyn ikkje bli eit tilleggstema, men ein integrert del av tiltaksplanen.
Tiltak for å redusere klimaeffektar må kombinerast med å redusere all anna menneskeskapt påverknad – det er summen som avgjer om reinen overlever på sikt.
Økologisk balanse og rovvilt
La villreinen leva! meiner at ein fungerande fjelløkologi også må omfatte dei naturlege rovdyra.
Hardangervidda har i dag ingen stabil jervstamme, sjølv om området historisk har vore del av artens utbreiing. Vi meiner det bør leggjast til rette for at jerv igjen kan få fotfeste på Hardangervidda, om så berre nokre få individ. Jerv er ein naturleg del av økosystemet i høgfjellet, og kan bidra til økologisk balanse og naturleg seleksjon i villreinbestanden. Dette krev ikkje aktiv utsetjing, men ei forvaltning som toler at arten etablerer seg naturleg.
Samla belastning – eit lovfesta krav
Naturmangfaldlova § 10 pålegg styresmaktene å vurdere samla belastning av alle inngrep og påverknader.
For Hardangervidda omfattar dette:
- klimaendringar,
- kraftutbygging og energiinfrastruktur,
- vegnett, hyttebygging og turisme,
- motorferdsel,
- forstyrringar frå ferdsel, friluftsliv og tekniske inngrep.
Kvar for seg kan kvart tiltak verke lite, men i sum har dei drive Hardangervidda til grensa for økologisk toleevne.
Det er difor ikkje tilstrekkeleg at regjeringa sin tiltaksplan listar enkelt-tiltak utan å vurdere den samla effekten.
Kvalitetsnorma krev eksplisitt ei heilskapleg tilnærming – samla belastning skal reduserast, ikkje berre forvaltast.
Kraftutbygging og energiomstilling
Hardangervidda er allereie sterkt påverka av vasskraftmagasin, kraftlinjer og teknisk infrastruktur. Sjølv små utvidingar, kabelgrøfter eller anleggsvegar aukar presset på kjerneområda og trekk.
La villreinen leva! minner om at Noreg har eit særleg ansvar for villreinen som EUs siste europeiske villreinbestand.
Dette inneber at all framtidig energiplanlegging må byggje på føre-var-prinsippet:
- Ingen nye inngrep i eller nær leveområda for villrein.
- All planlegging av nye kraftprosjekt, gondolar, vegar eller fritidsanlegg må underleggjast felles restriksjonsnivå i samsvar med kvalitetsnorma.
Prosjekt som Eidfjord Resort, Rossnos-gondolen og liknande anlegg er heilt uforeinlege med målsetjinga om å betre tilstanden på Hardangervidda.
Tiltaksplanen må slå fast at slike utbyggingar ikkje skal kunne godkjennast så lenge Hardangervidda har «dårleg» normstatus.
Vippepunkt og irreversibilitet
I høyringssvaret vårt til Rondane–Snøhetta peika vi på risikoen for å nå eit økologisk vippepunkt: når inngrep, forstyrring og klimaendringar saman bryt ned trekka og reinen ikkje lenger kan nytte store delar av fjellet. Hardangervidda er no nær dette punktet.
Når eit system først er brote ned, er det svært vanskeleg eller umogleg å reetablere. Difor er føre-var ikkje berre eit prinsipp, det er ei plikt til å handle medan det enno er mogleg.
Statsforvaltarane sitt faglege utkast inneheld tiltak som kan snu utviklinga; regjeringa sitt svekka forslag gjer det ikkje.
Krav til Tiltaksplanen – klima og samla belastning
La villreinen leva! krev at Tiltaksplanen for Hardangervidda:
- Slår fast at nye kraft-, reiselivs- eller utbyggingsprosjekt i randsona ikkje kan godkjennast før villreinen er tilbake på minst «middels kvalitet».
- Integrerer klimaomsyn som del av alle målområde og tiltaksgrupper.
- Forpliktar til reell reduksjon av samla belastning, ikkje berre koordinering av tiltak.
- Vurderer vippepunkt og irreversibilitet som del av risikoanalysen for kvart tiltak.
- Set Hardangervidda i nasjonal og internasjonal kontekst, som del av Noregs ansvar for den siste europeiske villreinen.
Samla vurdering
Hardangervidda er ikkje eit isolert planområde, men ein del av ei større forteljing om klima, energi og natur.
Skal Noreg nå målet om å stanse tapet av naturmangfald innan 2030, må tiltaksplanen for Hardangervidda bli eit vendepunkt der klimarisiko, arealpress og villreinomsyn blir sett saman, og handla etter.
Del 5B. Finansiering av tiltak
Regjeringa har sett av 42 millionar kroner til tiltak for villrein i 2026. Dette er eit viktig startpunkt, men beløpet er klart utilstrekkeleg i høve til omfanget av dei tiltaka som trengst for å betre tilstanden på Hardangervidda.
Stenging av hytter og stiar, fysisk restaurering, overvaking, informasjonsarbeid og drift av felles forvaltning krev langt meir ressursar og kontinuitet enn det som ligg i dagens budsjett.
La villreinen leva! meiner det må etablerast ei langtidsfinansiering over minst 10– 15 år, med eigne midlar øyremerkte til gjennomføring av tiltaka i tiltaksplanen og til forvaltningskapasitet hos Statsforvaltaren og lokale styresmakter.
Utan stabil finansiering vil tiltaksplanen stå igjen som ein intensjon, ikkje eit verkemiddel.

Del 6. Oppmoding, konklusjon og vidare prosess
La villreinen leva! ber Klima- og miljødepartementet om å styrkje tiltaksplanen for Hardangervidda slik at den vert eit reelt verkemiddel for å oppnå kvalitetsnorma for villrein.
Planen må ikkje vera eit «frivillig inspirasjonsdokument», men eit rettsleg forplikta styringsdokument med klare mål, tidsfristar og ansvar.
Vi krev at tiltaksplanen vert revidert i tråd med Statsforvaltarane sitt faglege utkast frå 2023, som har brei støtte frå både Hardangervidda Villreinutval, lokale forvaltningsaktørar og naturvernorganisasjonar.
Våre hovudkrav til regjeringa sin endelege tiltaksplan
- Rettsleg forankring:
Planen må gjerast bindande gjennom forskrift eller planføresegn, i tråd med naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. - Villreinen som premissgivar:
Alle tiltak og planar skal underordnast villreinens behov for ro, samanheng og leveområde. - Felles forvaltning:
Etabler eitt felles forvaltningsstyre for Hardangervidda, med felles reglar og digitalt register for motorferdsel og dispensasjonar. - Reell reduksjon av ferdsel:
Ferdsel skal ikkje flyttast, men reduserast.
Spegelvendingsprinsippet («forbod med unntak») må vera hovudregel for aktivitetar som kiting, sykling, hundekøyring og dronar. - Varige stengingar av konfliktpunkt:
Hellevassbu, Litlos, Torehytta, Lågaros og tilhøyrande stiar må stengjast permanent. - Sti- og løypeplanen må inn i tiltaksplanen:
Ferdselsregulering må vera del av eitt felles, juridisk dokument – ikkje liggje som eit eige, svakare vedlegg. - Randsoner som buffer:
Full stans i ny hyttebygging, vegar og stiar frå hyttefelt. Randsona skal fungere som vern, ikkje ekspansjon. - Klima og samla belastning:
Tiltaksplanen må redusere samla påverknad frå klima, energi og arealbruk. Nye inngrep i randsona eller kjerneområde må stoppast. - Langtidsstengingar og evaluerbare mål:
Innfør ti- til femtenårige stengingsperiodar med klare evalueringskriterium og overvaking. - Forplikting til resultat:
Planen må innehalde målbare indikatorar for arealbruk, trekk, ro og bestandskvalitet – og knytast direkte til kvalitetsnorma.
Vidare prosess
Styrk planen fagleg og rettsleg før vedtak. Etabler felles forvaltningsmodell og motorferdselsregister. Stø kommunane sitt arbeid med å implementere tiltaka i bindande planar. Gjennomfør varige stengingar der reinen treng ro, og prøvesteng andre område i minst 10 år.
Vi minner om at Hardangervidda ikkje berre er eit norsk ansvar – vi har eit europeisk og globalt ansvar for å bevare den siste intakte villreinen i Europa.
Avslutning
Hardangervidda er ikkje berre eit landskap, det er ein livsnerve i norsk naturhistorie.
Å ta vare på villreinen er å ta vare på fjellbygdene, kulturen og framtida.
Planen bør difor endrast frå å vera eit kompromiss mellom bruk og vern, til å bli eit styringsverktøy for reell reduksjon av areal- og ferdselspress.
Tida for utgreiingar er forbi. Tida for handling er no.
Utan villreinen er vi åleine.
La villreinen leva!
Vennleg helsing
styret i La villreinen leva!
Her kan du laste ned heile høyringssvaret som La villreinen leva! har sendt til Klima- og miljødepartementet.
