I samband med at tiltaksplan etter kvalitetsnorm for villrein på i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei er lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, har organisasjonen La villreinen leva! sendt dette høyringssvaret til Klima- og miljødepartementet.
Lesetid: 12 minutt
Alle innsendte innspel kan lesast her: Klima- og miljødepartementet
Høyringssvaret til tiltaksplanane for Snøhetta, Knutshø og Rondane finn du her: La villreinen leva!
Høringssvaret til tiltaksplanen for Hardangervidda finn du her: Hardangervidda
Vårt ansvar – villreinen treng eit sterkare rettsvern
Noreg har eit særskilt internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen. Villreinen er ein nøkkelart i høgfjellet, ein kulturberar og ein del av vår felles identitet. Likevel held staten fram med å sjå på villreinen som eit forvaltningsobjekt og ikkje som ein del av sjølve naturgrunnlaget vårt.
Klimakrisa får mykje merksemd, men naturkrisa er like alvorleg. Når leveområda blir delte opp og øydelagde, står ikkje berre villreinen, men heile fjelløkosystemet på spel.
La villreinen leva! (LAV) meiner tiltaksplanen for Setesdal Austhei og Setesdal Ryfylke er altfor svak. Han byggjer på frivilligheit, medan tida krev forpliktingar. Skal vi redde villreinen, må staten ta styringa. Vi treng ikkje fleire rundar med “dialog” og kompromiss, vi treng reell naturpolitikk.
Dei statlege måla må oppfyllast gjennom tiltaksplanane
Stortingsmeldinga «Ein forbetra tilstand for villrein» set tydelege mål: Den negative utviklinga skal stansast innan 2030. Departementet erkjenner sjølv at tiltaka i planen ikkje vil vera tilstrekkelege til å nå måla. Dette er ikkje akseptabelt.
Tiltaksplanen må vera eit styringsverktøy, ikkje eit ønskeleg dokument. Det må inn rettsleg bindande tiltak, og føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova §9 må leggjast til grunn.
LAV foreslår:
Tiltaksplanen må gjerast rettsleg bindande med heimel i naturmangfaldlova.
Staten må laga ein eigen nasjonal tiltaksplan mot fragmentering av villreinområde i Sør-Noreg. Tidsfristar for måloppnåing må gjerast forpliktande, med krav om rapportering til Stortinget kvart tredje år.
Faggrunnlaga må liggje til grunn
Statsforvaltarane sine faggrunnlag inneheld dei tiltaka som faktisk kan betre tilstanden for villreinen. Likevel er fleire av dei sterkaste tiltaka tekne ut eller gjort frivillige. Dette undergrev kvalitetsnorma som styringsverktøy og svekkjer rettsvernet for arten.
LAV foreslår:
Alle tiltak som er foreslått av statsforvaltaren må leggjast inn att i den endelege planen. Dersom staten vel å fjerne tiltak frå faggrunnlaget, må dette grunngjevast skriftleg og offentleg.
Friluftsorganisasjonar og prosess
Klima- og miljødepartementet har hatt tett samarbeid med DNT og andre aktørar som sjølve har økonomiske interesser i fjellet. Det er kritikkverdig at desse brukarinteressene får så stor påverknad på nasjonal miljøforvaltning.
LAV foreslår:
At interesseorganisasjonar med økonomiske eller kommersielle interesser i fjellet ikkje skal ha styringsrolle i tiltaksplanprosessen. Forvaltninga må vera open, fagleg og utan partsinteresser i utbygging, ferdsel og turisme.
Staten må sikre heilskapleg arealforvaltning
Villreinområda i Setesdal Austhei og Setesdal Ryfylke er lange og smale. Kommunane har ikkje verkemiddel til å stå imot presset frå hyttebygging og kraftutbygging. Mange har eigne økonomiske interesser i utbygging.
“Planvask” er ikkje nok når økonomiske krefter styrer. Staten må ta tilbake styringa over arealbruken i og kring nasjonalt viktige villreinområde.
LAV foreslår:
Statleg planstyring etter plan- og bygningslova §6-4 for område med nasjonal villreininteresse. Ei nasjonal nullvekstnorm for hyttebygging i randsoner til villreinområde. Forbod mot nye kraftlinjer og vegar i dei prioriterte trekkområda.
Klima og helse for villreinen
Klimaendringane gjer vintrane mildare og meir ustabile, med ising på beite og større risiko for sjukdom og parasittar. Skrantesjuke, innavl og genetisk sårbarheit er alvorlege truslar som krev samordna tiltak.
LAV foreslår:
Eit nasjonalt overvåkingsprogram for klima, beite og helse i alle villreinområde. Tiltak for å bevare genetisk utveksling mellom stammene gjennom korridorar og fri ferdsel. Forsking på effekten av klimaendringar på beitetilgang og reintrekk.
Forholdet mellom villrein og tidlegare tamrein
Det har vore reist spørsmål om reinen i Setesdal Austhei kan reknast som villrein. La villreinen leva vil understreke, i tråd med tidlegare forvaltar Tor Punsvik, at dette er avklart av staten for lenge sidan.
Tamreindrift føregjekk i området fram til 1978, men opphøyrde deretter. I 1980 vart området offisielt klassifisert som villreinområde, og jakt vart opna. Dei tidlegare tamreinpregete dyra vart gradvis integrert i villreinpopulasjonen, med jamn utveksling av dyr mellom Austhei, Ryfylkeheiane og Hardangervidda.
I dag er bestanden i Setesdal Austhei vurdert og klassifisert som villrein etter miljøkvalitetsnorma. Diskusjonar om dyra sin opphav er difor utan relevans for tiltaksplanen. Det avgjerande er å sikre at bestanden har frie trekkruter, store nok leveområde og genetisk kontakt med naboområda.
LAV foreslår:
- At forvaltninga av Setesdal Austhei blir vidareført som villreinområde. – At ein bevarer og styrkjer genetisk kontakt mellom Austhei, Ryfylke og Hardangervidda.
- At framtidige planar tek omsyn til den dokumenterte villreinstatusen slik at diskusjonar om opphav ikkje vert brukte til å svekkje vernet.
Lokale forhold i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei
Området kring Øyuvsbu ligg berre ein kilometer frå Brokke–Suleskarvegen og er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet. Når vegen er open, er området i praksis utan rein. Å flytte Øyuvsbu vil ikkje løyse problemet. LAV støttar forslaget om å stenge parkeringsplassen ved Brokke–Suleskarvegen.
Turisthytta Svartenut bør leggjast ned. DNT Sør har ikkje kontrakt der, og LAV er kjent med at mange av grunneigarane ikkje ønskjer vidare drift, både Statskog og private. Ei stenging av Svartenut vil redusere trafikken mellom Bossbu, Evardalen og Øyuvsbu og lette hausttrekket mot vegen.
Turistvegen inn Evardalen bør stengjast. Her er fjellet på det smalaste, og ferdsel pressar villreinen inn mot vegen. Vestheia står i fare for å bli delt i to langs aksen Brokke–Suleskar. Ferdsel frå hyttefelta i Brokke og Øvre Sirdal forsterkar denne fragmenteringa.
I Ryfylkeheiane er områda kring Blåsjø og Steinsbuskardet særleg sårbare. LAV ber om at Kringlevatn turisthytte blir lagt ned. Stavanger Turistforening har sjølv opplyst at hytta er gammal og lite brukt. Auka ferdsel mellom Kringlevatn og Bossbu vil vera øydeleggjande for det mest kritiske trekket nord–sør.
LAV foreslår:
Stenging av parkeringa ved Øyuvsbu, nedlegging av Svartenut og Kringlevatn turisthytter, stenging av turistvegen inn Evardalen og ferdselsrestriksjonar i Brokke– Suleskar-området i kalvings- og hausttrekkperiodar.
Evardalen – hyttefelt og skutertrafikk
I den austre enden av Everdalen ligg eit hyttefelt som i dag ligg midt i ein viktig trekksone for villrein. Utbygginga her har vore svært uheldig. LAV meiner området bør vurderast for sanering og innløysing av resttomter for å gjenopprette samanhengen i terrenget.
Dersom full sanering ikkje er mogleg, må det i det minste innførast stopp i vidare bygging og regulerast skutertrafikk til området strengt. All frakt bør skje via profesjonelle fraktløyve, ikkje gjennom privat køyreverksemd.
LAV foreslår:
- Full stans i vidare utbygging i Everdalen hyttefelt.
- Vurdering av sanering eller innløysing av eksisterande felt.
- Krav om profesjonell og regulert frakt for all motorisert ferdsel vinterstid.
Svartevannmagasinet og Rosskreppfjorden – båttrafikk og forstyrring
Båttrafikken på Svartevannmagasinet og Rosskreppfjorden har auka dei siste åra. Desse vatna ligg i sentrale delar av villreinens beiteområde, og båtar, motorstøy og ilandsettingar skaper betydelege forstyrringar. Statsskog si utleige, saman med anna turisme og stiar bidreg til trafikkpresset.
Dette området var tidlegare ein av dei viktigaste trekkrutene for villreinen og bør få prioritet i tiltak for å redusere ferdsel.
LAV foreslår:
- Reduksjon av båtutleige og båtutsett i området.
- Statsskog må redusere eller avvikle båtutleiga si i desse magasina.
- Vurdering av sesongvise forbodssoner for motorbåt i sårbare periodar.
Lislefjødd nord for Hovden – sanering og innløysing
Området Lislefjødd nord for Hovden sentrum i Bykle er eitt av dei viktigaste naturlege aust–vest-trekka for villreinen. Dagens hyttefelt ligg direkte i konflikt med trekket og fungerer som ei barriere mellom villreinområda.
LAV meiner dette området bør stanse bygging eller løysast inn og arbeide for restaurering av trekket. Dette vil gje stor positiv effekt på samanhengen mellom Austhei og Ryfylke og Hardangervidda og kan bli eit symbolprosjekt for reell naturrestaurering i fjellområda.
LAV foreslår:
- Sanering, stans, evnt. innløysing av Lislefjødd-hyttetomter.
- At området blir prioritert for restaurering som del av nasjonal innsats for villrein. – At det blir sett av statlege midlar for gjennomføring innan 2030.
Bjørnevatn og Eddanfossen – frigjering av trekkveg frå Ugledalen
I vestre del av hyttefeltet ved Bjørnevatn, på begge sider av Eddanfossen, ligg eit viktig trekkområde som i dag er delvis blokkert av hyttebygging og veg. Dette er den naturlege passasjen der reinen kjem ut av Ugledalen og skal krysse Fv 450 (Brokke– Suleskarvegen).
For å sikre denne trekkruta må området frigjerast frå vidare utbygging, og eksisterande hytter på sikt fasast ut.
LAV foreslår:
- Fase ut og på sikt sanere den vestre delen av hyttefeltet ved Bjørnevatn.
- Ingen nye bygg eller utvidingar i området kring Eddanfossen.
- Tiltak for trygg kryssing av Fv 450 for villrein, inkludert sesongvis trafikkregulering.
Hallbjønsekken – stopp i vidare utbygging
Hallbjønsekken hytteområde, ved grensa mot Kuskardet på sørsida, ligg tett på viktige leveområde for villrein. Ferdselen frå hytteområdet gjer at dyra held seg unna desse beita, særleg vinterstid. Vidare utbygging her vil forsterke presset og skape ei permanent barriere mellom fjellområda.
LAV foreslår:
- Stopp i vidare utbygging i Hallbjønsekken hytteområde.
- Ingen nye reguleringsplanar eller tomteutvidingar i randsona mot Kuskardet.
- At området blir vurdert for restaurering og naturforbetring på sikt og sikre trekket over FV450.
Reetablering av villrein i Frafjordheiane
Store delar av Frafjordheiane hadde tidlegare fast bestand av villrein. Etter fleire tiår med inngrep, ferdsel og jaktpress er området i dag utan rein, men har framleis høg naturverdi og potensial for reetablering.
La villreinen leva! støttar Naturvernforbundet sitt forslag om at Frafjordheiane blir vurdert som område for framtidig reetablering av villrein. Dette vil gje betre genetisk kontakt mellom Setesdal Ryfylke og dei sørvestlege fjellområda og er i tråd med kvalitetsnorma sitt mål om samanhengande leveområde.
Reetablering må skje gradvis og på fagleg grunnlag, med streng ferdselskontroll og
sikring av trekkruter. Dette vil vera eit symbolprosjekt for faktisk naturgjenoppretting og eit bevis på at staten tek naturkrisa på alvor.
LAV foreslår:
At Klima- og miljødepartementet ber Miljødirektoratet utarbeide ein plan for reetablering av villrein i Frafjordheiane innan 2030. At trekkruter mellom Frafjordheiane og Setesdal Ryfylke blir juridisk sikra som korridorar for framtidig vandring. At kommunane får statleg støtte til å restaurere tidlegare trekkområde og fjerne gamle inngrep.
Pumpekraft og vassmagasin
Planane om pumpekraftverk i Bossvatn, Urevatn og Vatnedalsvatnet er uforeinlege med målet om å betre tilstanden for villreinen. Vatna fungerer alt som barrierar. Pumpekraft vil gjera dei uframkomelege for dyra vinterstid og føre til støy og aktivitet i sårbare område.
LAV foreslår:
Avvising av alle pumpekraftprosjekt i villreinområde, forbod mot vidare konsesjonshandsaming for vasskraft i prioriterte leveområde og restaurering av gamle anleggsområde og vegtraséar.
Vindkraft i og nær villreinområde
Vindkraftanlegg i og kring Setesdal Ryfylke og Austhei vil føre til nye barrierar, støy og visuell uro som påverkar reinen sitt arealbruk. Erfaringane frå Fosen og Bjerkreim viser at slike inngrep har langvarige og alvorlege verknader.
Tiltaksplanen må derfor vera tydeleg: ingen nye vindkraftprosjekt skal kunne konsesjonshandsamast innanfor påverknadsområdet til nasjonale villreinområde.
LAV foreslår:
- Forbod mot nye vindkraftanlegg i og inntil villreinområde.
- At eksisterande konsesjonar blir gjennomgått med sikte på tilbakekalling dersom dei ligg i konflikt med reintrekk.
- At vindkraft vert likestilt med vasskraft som “ny inngrepskategori” i kvalitetsnormsystemet.
Hyttebygging og randsoner
Hyttebygging og tilhøyrande vegnett og ferdsel er den største trusselen mot villreinen. I Setesdal Vesthei er presset ved Brokke, Myklevatn, Everdalen og Gardevatn verst, og for Austheia er det Bjørnevatn som er kritisk. I Setesdal Ryfylke kjem presset frå sør, mot Frafjordheiane og Hunnedalen. Vidare utbygging nordover mot Hovden er øydeleggande for moglegheita for trekk mellom austheia og vestheia.
LAV foreslår:
Full stans i ny hyttebygging og vegutviding i og inntil villreinområde. Statleg kontroll av kommunale planar i randsona. Evaluering av eksisterande hyttefelt med sikte på restaurering og avvikling der trekkruter blir blokkert og hindre ferdsel inn i villreinområda frå desse.
Trafikk og samferdsel
Vegane gjennom og rundt villreinområda skaper både fysisk og psykisk barriere for reinen. Særleg gjeld dette Fv 450 (Brokke–Suleskarvegen) og Rv 9 i Setesdal. Når desse vegane er opne i sommarhalvåret, vert viktige trekksoner brotne, og hausttrekket blir sterkt påverka.
LAV meiner det må innførast konkrete trafikkreguleringar i sesong, inkludert nattestenging i dei mest kritiske periodane for trekket. Vegar som Brokke–Suleskar må få status som villreinsensitv vegstrekning, med krav om miljøtiltak som redusert fart, stenging ved kalving og forbod mot utvida parkeringsplassar.
LAV foreslår:
- Utarbeiding av trafikkplan for Fv 450 og Rv 9 i samråd med villreinutvalet.
- Midlertidig stenging eller nattestenging i periodar med trekk.
- Stopp for etablering av nye parkeringsplassar og rasteplassar i randsonene.
Om ferdselsrestriksjonar, villreinen treng ro
Villreinen treng ro, ikkje meir aktivitet. Friluftslova og allemannsretten må forståast i lys av naturkrisa. Vi kan ikkje halde fram med uavgrensa ferdsel i område som er livsgrunnlaget til ein trua art.
LAV foreslår:
Juridisk heimel for midlertidige ferdselsforbod i kalvings- og vinterområde, forbod mot kommersiell marknadsføring av aktivitetar i prioriterte villreinområde og forbod mot lågflyging med helikopter og luftsport over villreinområde.
Forvaltning og finansiering
Tiltaka må følgjast opp med midlar og forpliktande styring. Kommunane og villreinutvala kan ikkje bera ansvaret åleine.
LAV foreslår:
Eigne statlege midlar til gjennomføring av tiltaka i tiltaksplanen. At “Villreinfjellet som verdiskapar” blir endra til eit reelt naturforvaltningsprogram, der økologisk verdi blir det einaste målet. At Klima- og miljødepartementet etablerer eit nasjonalt tilsyn for villreinforvaltning.
Avslutning
Villreinen i Setesdal Austhei og Ryfylke står ved eit vegskilje. Frivillige tiltak og symbolpolitikk vil ikkje redde arten. Vi treng politisk mot og eit rettsleg rammeverk som set naturen først.
LAV meiner tida for frivilligheit er forbi. Vi ber Stortinget og regjeringa om å vise leiarskap, gjennom lovverk, statleg styring og midlar, slik at tiltaka får faktisk effekt. Det handlar ikkje berre om villreinen, men om vår evne til å ta vare på fjellnaturen for kommande generasjonar.
Vi ber regjeringa ta naturkrisa på alvor. Vi ber om reell handling, ikkje fleire utgreiingar.
La villreinen leva!
Vennleg helsing
styret i La villreinen leva!
