Kva er viktigast: resort eller villrein?

Utbyggingsprosjektet Eidfjord Resort blir i desse dagar henta fram att, med nye investorar og ein offensiv for å få prosjektet i gang att. Men dette skjer i ei tid der alvoret i villreinsaka er tydelegare enn nokon gong.

Korleis kan ein forsvara å presse fram ei stor utbygging i randsona til Hardangervidda, når vi i dag veit så mykje meir om villrein, naturpress og samla belastning enn vi gjorde då planane vart lagde?

La villreinen leva! ynskjer at det store utbyggingsprosjektet blir stoppa. Vi har difor kontakta alle nivåa i forvaltninga: Eidfjord kommune, Vestland fylke, Statsforvaltaren i Vestland, Klima- og miljødepartementet og Stortinget. Breva kan du lesa her:


Eidfjord Resort høyrer ikkje heime i vår tid

Innlegg av Bjarte Hestdalen, leiar i La villreinen leva!
Kan òg lesast i Hardanger folkeblad.
Lesetid: 4 minutt

Foto: Torgeir Wittersø Skancke

Skal Eidfjord Resort byggjast på vurderingar frå 2015, eller skal vi ta konsekvensen av ny kunnskap?

Planane for Eidfjord Resort byggjer i stor grad på vurderingar frå 2015. Den gongen vart det lagt til grunn at området hadde avgrensa eller marginal betydning for villrein. Planomtalen innrømte at prosjektet ville føre til inngrep i villreinområde, tap av inngrepsfri natur og vesentleg auke i aktivitet og ferdsel. Likevel vart konsekvensane tona ned.

Sidan den gongen har det kome ny kunnskap. Ei eiga villreinutgreiing frå 2020 peikar på større påverknad på villrein enn det som låg til grunn tidlegare. Ho viser at utbygginga kan redusere funksjonelt areal for villrein, og at auka ferdsel kan fortrenge dyra frå område som til no har vore mindre påverka.

Randsonene er villreinens «resort»

Frå dei siste fem åra har vi god dokumentasjon på at villrein faktisk nyttar dei aktuelle områda.

Dyreposisjonar viser at dyr har opphalde seg i resortområdet i fleire dagar på rad. Skjermdump frå dyreposisjoner.no

Januar 2023.

Januar 2025.

Dette er viktig GPS-dokumentasjon. Samstundes er det viktig å forstå kva slik dokumentasjon ikkje kan fortelja.

GPS-posisjonar og observasjonar kan stadfeste at dyr har vore i eit område. Men berre ein liten del av bestanden er merkt, så slike data er i beste fall minimumsregistreringar av faktisk bruk. Dei kan ikkje brukast til å seia at område utan slike registreringar er uviktige eller ute av bruk. Villreinen brukar fjellet over lange tidsrom, og områdebruken varierer med forstyrring, beiteforhold, bestand og årlege variasjonar.

Vi må vera varsame med å tenkje for snevert om kva som er «viktige» og «mindre viktige» areal. Villreinen treng store, samanhengande område og handlingsrom. Også randsoner og område som ikkje er i konstant bruk, kan ha avgjerande betydning i eit langt perspektiv.

Foto: Asle Øydvin

Ei ny tid?

Eidfjord Resort er ikkje eit enkeltståande prosjekt.

Prosjektet tvingar oss inn i eit verdival. Saka handlar om kva slags arealforvaltning vi skal ha rundt dei verdifulle villreinfjella våre.  

Hardangervidda har allereie ei altfor høg samla belastning. Tilstanden for villreinen er vurdert som dårleg. Difor arbeider styresmaktene, fagmiljøa og mange lokalsamfunn med tiltak for å betre situasjonen. Då kan vi ikkje samstundes late som om det er business as usual i randsonene.

Nyleg sa også Nore og Uvdal nei til vidare hytteutbygging på Lufsjåtangen, grunna omsyn til naturvern og villrein. Dette er eit viktig og inspirerande signal i ei tid der vi veit at nye hyttefelt og auka ferdsel kan fortrenge villrein frå sårbare område.

Eidfjord Resort er eit prosjekt frå ei tid då ein visste mindre, tok lettare på naturinngrep og trudde at nye fritidsprosjekt var synonymt med utvikling. Den tida bør vera over.

Når det verkeleg gjeld

Utbyggingsløyve er ikkje tekne i bruk og har falle bort etter treårsregelen i plan- og bygningslova.

Difor må saka koma opp til ny og ope behandling. Løyve fell bort dersom tiltaket ikkje er sett i gang innan tre år, og fristen kan ikkje forlengjast. Då kan ikkje kommunen byggje vidare på gamle ønskedraumar, men må vurdere saka på grunnlag av oppdatert kunnskap. Premissa frå den tidlegare behandlinga er i dag svekte av ny fagkunnskap og nye registreringar.

Spørsmålet er eigentleg enkelt: Byggjer ein vidare på vurderingar frå 2015, eller tek ein innover seg det vi veit i 2026? For oss er svaret klart.

Eidfjord Resort er ikkje eit prosjekt som bør førast vidare no. I ei tid der vi seier at villreinen må få betre vilkår, må dette prosjektet kunne stoppast.

Kjem villreinen faktisk først når det verkeleg gjeld?

Bjarte Hestdalen, leiar
La villreinen leva!