Foreininga kan markere sitt fyrste år som aktiv forsvarar av villreinen og fjellnaturen.
– Villreinen er ein nøkkelart og vår viktigaste natur- og kulturarv, fortel leiar Bjarte Hestdalen. I bygdene våre har fjellnaturen vore ein livgjevande føresetnad og ikkje berre ein kulisse. Dette ber vi med oss i ryggmargen.

Foto: Torgeir Wittersø Skancke
Fakta
Norge er det siste landet i Europa med vill fjellrein, og vi har eit internasjonalt ansvar for arten. Forskarar og fagpersonar har gjennom fleire tiår dokumentert korleis villreinen blir negativt påverka av menneskelege inngrep.
Når ein tek vare på villreinen, tek ein òg samtidig vare på andre artar i området.
Vil gjera samanhengar synlege
Mange utfordringar er felles for dei 24 villreinområda i Noreg. Vegar, kraftbyggingar, hytter og menneskeleg ferdsel splittar opp og sperrar for reinen. Men noko er òg forskjellig frå område til område, som landskap, grunneigarforhold og reglar.
– Vi er avhengige av lokalkunnskap, samtidig som vi prøver å lyfte diskusjonane opp på eit prinsipielt nivå, fortel Hestdalen.
Foreininga vil arbeide langsiktig og skapa forståing for samanhengar både i naturen og i samfunnet. For å kunne påverke politikarane lokalt og nasjonalt, trengst eit breitt engasjement.
Seine kveldar, meiningsfullt arbeid
Korleis vil de oppsummere det fyrste året?
– Det har vorte nokre seine kveldar, innrømmer nestleiar Guri Sørumgård Botheim. For arbeidet er overraskande inspirerande.

Foto: Benedikte Skarvik
– La villreinen leva! arbeider mot sterke krefter, seier Hestdalen. Utbyggjarar, reiselivs- og friluftsaktørar tener pengar på å selja naturverdiar og allemannsretten.
– Ja, vi er berre ein småfrekk ungkalv som prøver å yppe, seier Botheim.
Kva trengst for å utvikle organisasjonen vidare?
– Vi treng fleire medlemmar og engasjerte folk, og rett og slett ein sponsor. Det største hinderet vårt er mangel på arbeidstid. Vi har mange idear og planar som vi håpar å kunne realisere.
Om La villreinen leva!
Lyst til å bli medlem? Info finn du: her.
Følg oss i sosiale medium:
Facebook
Instagram
Bluesky
La villreinen leva! vart etablert 25. august 2024 som ei grasrotmobilisering mot stadig fleire inngrep og forstyrringar i leveområda til villreinen. Foreininga ynskjer at villreinen får vandre mest mogleg uforstyrra og leva i intakte fjellområde.
Presentasjon av styret finn du: her.
Foto av kalv: Asle Øydvin
