Medan marknadsføringa aukar, krympar stillheita

Kronikk av leiar Bjarte Hestdalen og nestleiar Guri Sørumgård Botheim, La villreinen leva!
Teksten er tidlegare publisert i Nettavisen: DNT, Villrein | Fjellfolkets tillit på spill: DNTs makt i fjellet
Lesetid: 5 minutt


Den Norske Turistforening (DNT) er proffe på kommunikasjon og strategi, men det byrjar å koste.

Etter over hundre år som symbol på norsk friluftsliv har DNT blitt noko langt meir: ein aktør med pengar, påverknad og PR-strategiar. Det er grunn til å stille spørsmål ved truverdet.

Med 324 000 medlemmar, over 600 hytter og 23 000 kilometer med sti er DNT ein dominerande aktør i friluftslivet. Dei driftar hytter, merker stiar, kvistar løyper og lagar reklamekampanjar som påverkar straumen av folk. Delar av verksemda skjer i villreinfjella.

Feige lag

Tidlegare i haust avslørte NRK at DNT betalte Geelmuyden Kiese 75 000 for å utarbeide ei medie- og interessentkartlegging innan villreinsaka. Dokumentet kartlegg og rangerer politikarar, fagpersonar og engasjerte. Formålet var å påverke fjorårets stortingsmelding og årets tiltaksplanar for ulike villreinområde.

DNT har gått frå dugnadsrørsle til profesjonell maktaktør i fjellet.

I 2024 fekk DNT sentralt 61 millionar i offentleg støtte og brukte 50 millionar på å lønne staben i Oslo. 13 tilsette arbeider med marknadsføring og kommunikasjon. Likevel såg DNT seg nøydd til å kjøpe tenester frå eit PR-byrå for å påverke villreinpolitikken.

Påverking

DNT trengte oversikt over villreinaktørane, seier den nye generalsekretæren. Men DNT-dokumentet går langt lenger: det inneheld strategiske råd om korleis ein kan gå fram for å påverke. I tillegg til fagpersonar og politikarar kartla DNT privatpersonar utan offentlege roller, berre fordi dei har kulturell og sosial kapital i lokalsamfunn rundt villreinområda. Kvifor?

Jo, fordi: «Noen har formell makt over utfallet, mens noen har uformell makt og kan bidra til å påvirke gjennom mediene eller nettverk.»

GD-kommentator Kathrine Lunde påpeiker det prinsipielt problematiske: «Når penger vi betaler i skatt eller i medlemskap brukes til å svekke demokratiet, er påvirkningsarbeidet med på å bygge opp under konspirasjon og polarisering».

Svein Erik Lund i Villreinutvalet på Hardangervidda meiner at dokumentet berre kan «ha som føremål å påverka prosessar anten gjennom press eller smørjing av enkeltpersonar» (Hardanger Folkeblad).



For småe endringar

I 2021 hamna villreinen på raudlista. Villreinen treng å trekkje fritt over store areal for å finne nok mat. Men areala til villreinen blir stadig mindre og meir oppstykka. Utbyggingar og aktivitet i randsonene pressar reinen lenger inn i fjellet. Villreinen er redd for menneske, så det er lite som skal til før me forstyrrar han. Skal villreinen ha ei framtid, må forholda betrast både i randsonene og i kjerneområda.

DNT Oslo og Omegn eig fleire av dei største hyttene i kjerneområda til villreinen. I Rondane og Snøhetta vil DNT leggje ned 6 mil med sti og justere nokre opningstider og ta bort nokre sjølvbetente tilbod. På Hardangervidda vil DNT leggje ned èi hytte og tre stiar. Endringane er for småe.

Staten foreslår redusert marknadsføring av stiar og hytter, men det ynskjer ikkje DNT Oslo og Omegn å vera med på. Kor langt kjem staten med mjuke verkemiddel?

DNT Oslo og Omegn får stadig fleire utanlandske medlemmar. Spørsmålet melder seg: Kvifor skal ein norsk natur- og friluftsorganisasjon aktivt kanalisere utanlandske turistar inn i dei mest sårbare fjellområda?

Ei lang rekke firma tilbyr turar på kryss og tvers av Hardangervidda, frå små private ekspedisjonar til guida gruppeturar med høg komfort. Mange nyttar DNT-hytter og etablerte stiar, andre går med telt djupt inn i verneområda. Alt skjer lovleg, men kva konsekvensar har det for villreinen?



Tid for eit grunneigaropprør?

DNT har ikkje sjølvstendig rett til å merke eller kviste stiar i fjellet, det krev samtykke frå grunneigar. Difor er det oppsiktsvekkjande at DNT i fleire område opererer som om fjellet var deira eige, og ikkje eit felleseige dei forvaltar på tillit.

Den siste tida har me registrert at fleire kommunestyre og grunneigarlag i villreinkommunar ynskjer å forsterke tiltaka for villreinen og tør å gå på tvers av andre interessentar.

Det gjev håp.

Kontroll, makt og pengar

Framover må DNT ta meir ansvar, skal truverdet halde. Mykje av midlane til hytter og infrastruktur har kome frå fellesskapet. Difor bør ikkje DNT krevja erstatning frå fellesskapet for å trappe kraftig ned i villreinområda.

«Villreinarbeidet vårt handler ikke om kontroll, makt og penger» skriv generalsekretæren i DNT i innlegg i GD og Nettavisen.

Jo. Det er nett det det handlar om.

Skal villreinen ha ei framtid, må staten og frilufts-Noreg tore å sjå på DNT med det same kritiske blikket som dei brukar mot andre.

Før villreinen, tilliten og trua – er borte.

Simle med kalv. Foto: Rein-Arne Golf.