Norman Heitkøtter blir gjerne kalla Rondane nasjonalpark sin far. Han tok initiativ til nasjonalparken, og arbeidde der som fjelloppsyn frå 1953 til 1993. I boka Levende fjell skildrar Norman lange dagar i fjellet som oppsyn. Eg trur naturskildringane hans kan fortelja noko om kven han var og kva han stod for. Kanskje har vi framleis noko å lære av natursynet hans?
Av: Guri Sørumgård Botheim
Lesetid: 15 minutt
Dei tre Heitkøtter-brørne Norman, Olav og Fredrik var alle oppsynsmenn, naturfotografar og forfattarar – og føreganspersonar for vern av vassdrag og fjellnatur. Heitkøtter-brørne bekymra seg for nedbygginga av natur. Dei engasjerte seg, skreiv brev og lesarinnlegg. «Gjennom sjøllært kunnskap og erfaring fekk dei ei fagleg tyngd som vart høgt verdsett og respektert», skriv Terje Kleiven i boka Dei gav oss ein arv (Samlaget 2009).
| Norman Heitkøtter (1924–2008) tok initiativ til etableringa av Rondane nasjonalpark, og han arbeidde her som fjelloppsyn i 40 år. Han meinte at villreinen er nasjonaldyret vårt. Norman likte å fotografere og gav i 2003 ut boka «Levende fjell» som baserer seg på stoff frå 1960-talet. |

Norman Heitkøtter.
Foto frå Heitkøtter sitt fotoarkiv.
Naturen er ikkje eit glansbilde
Norman var ikkje akkurat kvisam. Han går timevis utan pause for å sjå etter dyrespor og dyr, for å lære noko og for å finne ut korleis dyra har det.
Han kan vera ute i fleire dagar i strekk. Om vinteren òg. Han kjem ut for uvêr som ville ha vore livsfarleg for dei fleste av oss. Han rasjonerer maten, held det gåande, finn seg eit krypinn. Han har mange overnattingar i gamle steinbuer, og ofte søv han berre mellom nokre steinar i ein pose av reinskinn. Han er rågod til å fyre bål.
Norman skildrar fjellet nøyaktig, med eit rikt ordforråd. Han kjem med språklege perler som: «Men i seinhaustdager synes rogna som blodraude drypp under berggufsene» (s. 110).
Høyr på denne skildringa av vatn:
Utover dagen tar breen til å svette i varmen. Isvatnet drypper fra innhole kvelv, og renner sammen til en rislebekk mellom flate heller. Bekken vokser mot høgstdag og minker ned igjen når natta siger innover vestfjellet. Uavvendelig, slik sommar veksler med vinter. Slik reinblommen skifter fra sin kvite vårdrakt i rødmende skrud mot haustleite. Sildrer står tett etter bekkekanten (s. 110).
Naturskildringane er nøysame, dei har noko sobert og nøkternt over seg. På same måte som Norman ynskjer at naturen skal få vera mest mogleg i fred for oss menneske, vil han at naturskildringane skal få stå utan innblanding av hans eigne følelsar: «For naturen, enten det nå er i vårfjellet eller til andre tider og steder, den er nå engang ikke noe glansbilde. Den må heller aldri få bli det i vårt omdømme» (side 52). Norman vil ikkje romantisere.

Kveldane som er tyngre enn andre
Nokre gonger er naturen brutal, utan omsorg.
Reinskalven som det er bilde av på framsida av boka, har mista mor si og kjem ikkje til å overleva. Norman ser seg nøydd til å avlive kalven. Altfor mange gonger får Norman auga på skadeskote dyr. Da følgjer han etter, og gjer alt han kan for få avliva dyret, for å skåne det for liding.
Når Norman går til ro om kvelden, etter ei slik hending, prøver han å tenkje at han er glad for å kunne gjera plikta si, at det er bra at han kunne hjelpe. Han vil helst ikkje bli emosjonell. Men som gjennom ei glipe lek det likevel fram nokre følelsar. Desse kveldane klarer han ikkje å halde naturskildringane sine heilt frie for følelsar:
Uværet tetner til vestpå. Snøelingene henger som kvite slør langs høkanten. Langt borte skimter jeg nå og da steinurene opp mot Digerrondens steile pyramide .. De svartner av væte gjennom drevet. Fjellet gråter visst likevel i kveld … (s. 48)
Redsel – tryggleik
Ein ting eg bit meg merke i er at Norman ikkje ein einaste gong skriv at han er redd. Kvifor er han ikkje redd? Fordi han er audmjuk i fjellet, er han trygg.
Ikkje ein einaste gong i boka har Norman behov for å skryte av at han er tøff eller at han meistrar naturen. Dette synest eg at står i skarp kontrast til delar av dagens tur-litteratur og influenser-kultur, der det ofte handlar nettopp om å meistre naturen eller å springe opp på eit fjell og filme seg sjølv.
I det moderne friluftslivet er naturen ei kulisse for sjølvrealisering.
Hjå Norman er det inga posering. Han er ikkje hovudpersonen. Han tek ikkje selfies på toppen av fjell. Linsa er vendt bort frå han sjølv. Han sansar. Han legg seg ned i terrenget for ikkje å forstyrre.
Jo, forresten. Det finst ein situasjon der Heitkøtter-brørne tek bilde av seg sjølv.
Det er framfor bålet, med ein svartkjel mellom seg.
Kaffepausa ved bålet. Det finst ikkje noko betre.
Utfordringar for villreinen
Utfordringane som Norman Heitkøtter peiker ut for fjellet, dyrelivet og villreinen, er dessverre like gjeldande i dag. Og konfliktlinene er påfallande like.
«Forfallet i naturen har lenge vært godt synlig og skremmende», skriv Norman Heitkøtter i 2003 i forordet til boka. «Planter og dyr får stadig mindre områder å leve på. Dette må det rettes på, og det må prioriteres høgt under mottoet Levende fjell.»
Det er ikkje fjelltoppane han bekymrar seg aller mest for, men terrenget omkring: «Den verdifulle fjellskogen, randsonen mot snaufjellet, som raseres av palassbygg og alpinanlegg. Bilveger gjennom sårbart høgfjell. Preparerte ski- og skuterløyper vinterstid. Stadige utvidelser av turisthytter» (s. 147).
Bit-for-bit-nedbygginga har heldigvis fått meir oppmerksomheit dei siste åra. Norman var tidleg ute med å kritisere arealendringar og å peike på konsekvensane for heile økosystemet: «Ei hytte her, en vegstubb der. Sakte kryper det innover viltterrenget, omklamrer en spellplass eller et dyretrekk, skaper uro i viltskogen. Miljøet forandres.» (s. 147).
Om du søkjer i NRK-appen på «Rondane nasjonalpark», finn du eit jubileumsprogram frå 1987 om 25-årsjubileet til Rondane nasjonalpark. Sjå det! Det er djupt fascinerande å høyre intervjua med både Norman Heitkøtter og med ordføraren i Sel kommune. Medan ordføraren forsvarar turismen og næringsinteresser, forklarer Heitkøtter samanhengane i fjellnaturen på ein var, kunnskapsrik og samtidig myndig måte.
Lite har endra seg. Dagens ordførar i Sel kommune bruker dei same formuleringane som den tidlegare kollegaen sin. Og fjelloppsyna i Rondane strevar framleis med å forklare dei same samanhengane.
Vårt internasjonale ansvar for villreinen
Reinen har vore ein nøkkelart for norsk busetnad og kulturhistorie i over 10 000 år.
Da isen trekte seg attende, følgde både villreinen og dei fyrste menneska etter. Gjennom tusenvis av år har reinen gjeve oss mat, isolasjon, spenning, store opplevingar og kunstnarisk inspirasjon.
Noreg er det siste landet i Europa med vill fjellrein. Villreinen er ein av få ansvarsartar som landet vårt har forplikta seg internasjonalt til å ta vare på. Men nå lyser faresignala. I 2016 hamna villreinen på den globale raudlista og i 2021 på den norske raudlista.
Villreinen treng å bevege seg fritt over store areal for å finne nok mat. I dag er mange av dei naturlege trekka til villreinen stengd. Vegar, kraftutbyggingar, hytter og menneskeleg ferdsel splittar opp og sperrar for reinen i alle dei 24 fjellområda i Sør-Noreg. Tidlegare kunne villreinen vandre fritt mellom mange av desse. Villreinområda blir stadig reduserte av nye tekniske inngrep som vegar, kraftproduksjon, hyttebygging og skianlegg, og av stiar og løyper og turisme. Reinen får stadig større problem med klimaendringane. Villreinen har allereie klatra så høgt han kan.
Stortingsmelding og tiltaksplanar
Våren 2024 kom stortingsmeldinga: «Ein forbetra tilstand for villrein». Målet til regjeringa er å:
- å stoppe den negative utviklinga i villreinområda innan 2030
- å oppnå minimum middels kvalitet for alle villreinområde innan 2050
- å oppnå god kvalitet for alle nasjonale villreinområde innan 2100
Medan stortingsmeldinga gjev overordna føringar, skal tiltaksplanar gjeva konkrete tiltak. I mars 2025 presenterte Klima- og miljødepartementet tiltaksplanar for villreinområda Knutshø, Snøhetta og Rondane.
Det spesielle er at tiltaka er så svake at departementet rett og slett innrømmer at ein ikkje vil nå måla som er definert i stortingsmeldinga:
«Oppsummert vurderer departementet at tiltaksplanene som foreslås vil ha følgende forventede måloppnåelse for målet om å oppnå middels kvalitet innen 2050:
- Knutshø – liten til middels mulighet
- Snøhetta – middels til stor mulighet
- Rondane – liten mulighet»
(Frå høyringsnotatet)
Kvifor lagar ikkje departementet ein plan som er kraftfull nok til at det er realistisk å nå måla som stortinget har vedteke? Andre interesser er prioritert framfor villreinen, sjølv i planen som skulle redde han.
Kva vil vi at skal skje i framtida?
Kva har tipptipptippoldebarna våre mest lyst til å arve frå oss? Er det motorvegar, pengar i oljefondet, kraftanlegg og parkeringsplassar midt inne i fjellheimen dei har lyst på?
Kva trur vi at vil ha aller størst verdi for dei?
På 1970-talet kjempa Heitkøtter-brørne mot ei gigantisk kraftutbygging i Jotunheimen. 50 elver og 15 vatn var planlagt regulert. Eg trur dei fleste av oss er glade for at prosjektet ikkje vart realisert.
I Levende fjell skriv Norman Heitkøtter om kor viktig vatnet er:
Og naturvernspøkelset i dag er de store vassdragsreguleringer. Dette spøkelset er da også realistisk nok. Vannfall blir fjernet frå jordens overflate. Bassenger – hele dalsenkninger – blir nye, store ferskvannssjøer. Dessverre med en reguleringsrytme som ødelegger den naturlige biotop i disse sjøene.
Ja, spøkelset er dessverre realistisk. I februar 2025 kom ei historisk svekking av vassdragsvernet, da Stortinget opna for at det kan gjennomførast kraftutbyggingar i verna vassdrag.
Vi har mykje å kjempe for i åra som kjem.
Blyanten er det beste verktøyet vi alle har.
Kan vi la oss inspirere av Norman Heitkøtter og ta til motmæle mot nedbygginga av natur?
Kan vi la oss inspirere av mottoet levande fjell?
Av: Guri Sørumgård Botheim, nestleiar i La villreinen leva, styremedlem i Bevar villreinen i Rondane.
Andre versjonar av teksten har vore på trykk i GD, Villreinen 2025 og Bøygen.
Foto: Frå Heitkøtter sitt arkiv
