Reinrosa 2026 går til ei viktig stemme for villreinen

Under Nasjonal villreinkonferanse på Otta fekk Jan Olav Solstad den aller fyrste Reinrosa. Prisen går til nokon som gjer ein heilt spesiell innsats for nasjonaldyret vårt, villreinen.

Prisvinnar Jan Olav Solstad, som sjølv bur på Otta, seier at han er audmjuk og takknemleg for prisen.

– Eg er heldig som har fått lov til å samarbeide med så mange dyktige folk opp gjennom åra. Så denne prisen deler eg med fleire. Engasjementet for villreinen er kjempeviktig. Villreinen er ein symbolart. Den seier noko om korleis vi klarer å ta vare på høgfjellsøkosystema.

Arne J. Mortensen frå juryen rosar Solstad for å vera ei modig stemme.

– Jan Olav har gjennom lang tid har stått i krysselden mellom ulike interesser, og alltid teke plass som grådyra sin pålitelege «advokat» – nasjonalt og i Rondane spesielt.

Arne Brimi hadde det ærefulle oppdraget med å overrekke prisen. Med prisen følgde eit kunstverk i tekstilapplikasjon av Eli Odden, som symboliserer både levevis og utfordringar for villreinen i dag. Nasjonal villreinkonferanse vart arrangert av Gudbrandsdalsmusea og Nordveggen på Otta 4. mars 2026.

Bevar Dovrefjell mellom istidene, Bevar villreinen i Rondane og La villreinen leva! sender ein varm takk til prisvinnaren.

Villreinfoto: Per Jordhøy | Tekstilapplikasjon: Eli Odden

Jan Olav Solstad har vore ei viktig stemme for fjellnaturen og villreinen på ei rekkje forvaltingsrelevante arenaer. CV-en hans viser ein imponerande innsats:

  • Medlem i Sel fjellstyre i seks periodar, herav fire periodar som leiar
  • Leiar i Fjellstyra i Oppland 2008-2016
  • Styremedlem i Norges fjellstyre-samband sidan 2008, og frå 2018 som leiar
  • Nestleiar i Villreinutvalet i Rondane Nord 2003-2025
  • Leiar i styringsgruppa for FOU-prosjektet «villrein og ferdsel» 2009-2015
  • Leiar i rådgjevande utval for Rondane nasjonalpark m. verneområde
  • Initiativtakar og leiar for Villreinforum i Rondane
  • Aktivt med i arbeidet med den nasjonale Miljøkvalitetsnormen for villrein
  • Ei viktig stemme for fjellnaturen og villreinen som politikar i Sel i fire periodar
  • Som lærar ein av pådrivarane for skuleprosjektet «Naturmangfoldet i Rondane med hovudvekt på villreinen som fjellet sitt miljøbarometer»

Om prisen:
Ideen til Reinrosa-prisen
kjem opprinneleg frå Per Jordhøy. Dei tre foreiningane La villreinen leva!, Bevar villreinen i Rondane og Bevar Dovrefjell mellom istidene står bak denne prisen har samarbeidd om å laga statuttar for prisen. Vidare vart det sett ned ein sjølvstendig jury, som fekk i oppdrag å peike ut den fyrste vinnaren.

Juryen har vore Marit Vorkinn (naturforvaltar Lillehammer), Sigrid Lyftingsmo (fysioterapeut, Lesja), Arne J. Mortensen (biolog, Øyer), Hans Erik Wold (bonde, Hustadvika).

Om foreiningane:
Bevar Dovrefjell mellom istidene vart stifta i 2008, og arbeider for eit mest mogleg intakt økosystem på Dovrefjell. Foreininga har erklært at villreinen er nasjonaldyret vårt, og mange ordførarar har signert på dette.

Bevar villreinen i Rondane vart stifta i 2022 som følge av den kritiske situasjonen for villreinen i området. Foreininga har medlemmar og styremedlemmar frå heile området rundt Rondane.

La villreinen leva! vart stifta i 2024 for å vera ei motstemme i eit rom der kommersielle krefter har fått utfalde seg fritt. La villreinen leva! er eit grasrotengasjement som fyller tomrommet mellom forsking og politikk. Foreininga har medlemmar frå heile landet.


Foto av reinrose: Per Jordhøy