Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) har lagt fram tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområde. Planen kan lesast her: Tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde – regjeringen.no
Bjarte Hestdalen, leiar i La villreinen leva! seier at planen er eit byks i rett retning, men ikkje ein reell redningsplan før tiltaka blir bindande, finansierte og gjennomførte i felt.

Foto av Bjarte Hestdalen: Torgeir Wittersø Skancke
La villreinen leva! meiner at tiltaksplanen for Hardangervidda inneheld fleire viktige og nødvendige steg. Det er bra at staten no peikar på stenging av hytter, nedlegging av stiar, regulering av ferdsel, mindre motorferdsel, strengare arealforvaltning og større forståing og kunnskap om villreinen sine behov.
Bjelland Eriksen har forstått at villreinen har store utfordringar, og ministeren vil verkeleg noko, men likevel er planen for svak. Departementet seier sjølv at tiltaksplanen ikkje er juridisk bindande, og at den har liten moglegheit til å stoppe den negative utviklinga innan 2030. Villreinområda har svært mange kommersielle interesser. Då held det ikkje med oppmodingar, dialog og frivillige avtalar.
Les meir om Hardangervidda:
La villreinen leva! sitt høyringsinnspel til tiltaksplanen for Hardangervidda kan lesast her: Høyringssvar
Sak i Aftenposten om tiltaksplanen: Villrein-tiltak får kritikk for manglende juridisk binding
NINA-rapport 2788: Ferdsel på Hardangervidda 2016-2025
Norsk villreinsenter: Om Hardangervidda villreinområde
Foto: Asle Øydvin
