Tiltaksplanane og høyringsnotatet frå Klima- og miljødepartementet finn du her.
Høyringsfristen er 04.06.25.
Her kan du lesa La villreinen leva! sitt høyringssvar. Lesetid: 20 minutt.
Vårt internasjonale ansvar – Villreinen treng eit sterkare rettsvern

Foto: Asle Øydvin.
Noreg har forplikta seg internasjonalt til å ta vare på villreinen. Villreinen er ein nøkkelart i høgfjellet. La villreinen leva! er skuffa over at stortingsmeldinga for villrein og tiltaksplanane vidarefører forbrukssamfunnet sitt prinsipp om at utbyggingar trumfar verdien av natur. Naturen er nøydd til å få eit sterkare rettsvern.
Å forsvara villreinen er også å forsvara demokratiet og ei berekraftig framtid. Det handlar om solidaritet med dei som kjem etter oss, og evna til å ta vare på noko større enn oss sjølve.
Ei ny undersøking viser at 7 av 10 nordmenn meiner politikarane må gjera meir for å stanse naturtapet. Vi oppfordrar Klima- og miljødepartementet til å starte ein prosess for å gjera naturen til eit sjølvstendig rettssubjekt, slik at naturen betre kan beskyttast mot øydelegging av økosystem. Fleire internasjonale naturvernorganisasjonar arbeider for at øydelegging av økosystem skal kriminaliserast. Internasjonalt finst det allereie fleire eksempel der naturen har fått sjølvstendig juridisk status, noko som har styrka vernet av sårbare økosystem. Noreg bør vurdere tilsvarande grep for å sikre eit meir effektivt og framtidsretta vern av våre nasjonale nøkkelartar, som villreinen.

Dovrefjell er prega av ulike måtar å bruke naturen på og ulike natursyn.
Frå oppryddinga etter skytefeltet. Foto: Guri Sørumgård Botheim.
I Canada, Alaska og Russland har fleire reinflokkar kollapsa dei siste åra. Verdas største reinflokk i Canada har kollapsa, frå 800 000 til 7 200 dyr i løpet av dei siste 30 åra. Grunnen er kombinasjonen av klimaendringar, nedbygging av natur og auka turisme. (Kjelde: Den lange vandringen av Olav Strand og Reidar Andersen).
Vi må vera førebudd på at det same kan skje i Noreg om vi ikkje gjer grep nå. La villreinen leva! fryktar at norske villreinstammer nærmar seg eit vippepunkt. Å miste dei vil vera eit ufatteleg tap for bygdene, fjellnaturen og oss som samfunn.
Om det skjer ein kollaps i villreinflokkar i Noreg, vil den norske staten måtte stillast ansvarleg på grunn av mangelen på styring.
Dei statlege måla må oppfyllast gjennom tiltaksplanane
Departementet vel å presentere tiltaksplanar som er for dårlege til at dei sjølve trur at ein vil nå måla. La villreinen leva! stiller spørsmål ved om dette er i samsvar med naturmangfaldlova.

Stortingsmeldinga «Ein forbetra tilstand for villrein» definerer staten sine mål.
Stortingsmeldinga «Ein forbetra tilstand for villrein» definerer staten sine mål, som blant anna er å stoppe den negative utviklinga i villreinområda innan 2030 og oppnå minimum middels kvalitet for alle villreinområde innan 2050, og å oppnå god kvalitet for alle nasjonale villreinområde innan 2100.
Tiltaksplanane blir utarbeidd for at ein skal kunne nå desse måla. Men i høyringsnotatet skriv departementet at dei foreslåtte tiltaka «vil ha liten mulighet til å stoppe den negative utviklingen for villreinen i Knutshø, Snøhetta og Rondane villreinområder innen 2030»; og «Departementet vurderer at enkelttiltak eller tiltakspakker har blitt mindre kraftfulle enn det hensynet til villreinen ideelt sett ville tilsagt, og at dette tilsvarende svekker den samlede forventede effekten av tiltaksplanene.» (s. 20). Departementet meiner at sjansen for å nå måla om middels kvalitet i 2050 er liten for både Knutshø og Rondane.
Høyringsnotatet erkjenner at klimaendringane skrur til alvoret:
«Det knytter seg betydelig usikkerhet og utfordringer til effektene av klimaendringene på villrein og hvordan dette påvirker måloppnåelse. For å ha bedre mulighet til å håndtere forventede klimaendringer frem mot 2050, og for å opprettholde dagens tilstand, krever det at villreinen får tilbake større leveområder og trekkveier, og at bestandenes kondisjon bedres.» (s. 19–20).
Høyringsnotatet viser til at føre-var-prinsippet skal følgjast (s. 17–18). Prinsippet er formulert slik i naturmangfaldlova §9:
«Foreligger en risiko for alvorlig eller irreversibel skade på naturmangfoldet, skal ikke mangel på kunnskap brukes som begrunnelse for å utsette eller unnlate å treffe forvaltningstiltak».
Fordi tiltaksplanane ikkje gjev sterke nok tiltak til at ein vil kunne nå måla, meiner La villreinen leva! at planane ikkje følgjer føre-var-prinsippet. Dette kan tolkast som eit brot på naturmangfaldlova §9.
Vi vil minne om at unnlatingssynder òg er politiske handlingar. Det som blir valt bort i 2025, vil stå att i ettertid som ein stillteiande aksept for tapet av villreinen.
Faggrunnlaga må liggje til grunn
Departementet sine tiltaksplanar er for svake til å nå måla. La villreinen leva! støttar difor tiltaka som vart presenterte i faggrunnlaga. Vi meiner at faggrunnlaga gjev eit betre bilde av kva tiltak som bør setjast i verk.
Det er eit stort sprik frå det statsforvaltarane foreslo i faggrunnlaga til det departementet foreslår i tiltaksplanane. I faggrunnlaga frå statsforvaltarane låg det sterkare og meir konkrete tiltak, men departementet vel altså å ta ut dei sterkaste tiltaka og å gjera resten frivillige. Kvar er logikken?

Stortingsmeldinga og tiltaksplanane lagar ein loop av ansvarsfråskriving: Stortingsmeldinga ville vera generell og ikkje koma med konkrete tiltak i påvente av tiltaksplanane. Men i tiltaksplanane blir det synt til at tiltak må gå ut fordi dei ikkje harmoniserer med stortingsmeldinga.
La oss ta ein tur til attende til stortingsmeldinga om villrein: Det står faktisk ingenting i stortingsmeldinga om at tiltaksplanane skal basere seg på frivillige tiltak. Det står at tiltaksplanane blir fastsette etter kvalitetsnorma (ei formulering som òg inngår i tittelen på denne høyringa). Vi meiner derfor: denne praksisen undergrev kvalitetsnorma som styringsverktøy og bidreg til svekt rettsvern for arten. Dette må rettast opp i det endelege forvaltningsvedtaket.
I Stortingets behandling av stortingsmeldinga understreka fleirtalet at dei lokale prosjektgruppene sine tilrådingar «bør vektlegges tungt og at tiltak som anbefales, bare bør legges bort når det er svært gode grunner til det» jf. Innst. S 374 (2023–2024) s. 2–3. Vi ser ikkje at det er kome svært gode grunnar til å leggje bort dei faglege tilrådingane, tvert om.
Dovrefjell nasjonalparkstyre oppsummerer situasjonen godt:
«En ser allerede tegn til argumentasjon der en skylder på andre (whataboutisme) og bruker dette for å ikke ta tak i sine egne utfordringer. DNPS mener derfor at en bør bruke alle virkemidler for å kunne gjennomføre tiltak, dvs frivillighet, økonomiske insentiver, lov- og regelendringer og sterkere bruk av eksisterende regelverk.»
Frivillige tiltak skyver ansvaret over på kommunane, utan verktøy og pengar. Nokre tiltak bør få full statleg styring og forvalting etter føre-var-prinsippet – for å sjå kva det faktisk kan gjeva av effekt. Det vil vera ein enkel, men kraftfull start.
Departementet sitt ansvar bør vera å gjeva gode styringsverktøy og midlar til oppfølging.
Friluftsorganisasjonar har fått påverke prosessen på ein kritikkverdig måte
Kvifor lagar departementet planar som ikkje gjer det realistisk å nå måla som er vedtekne? Dette handlar om påverking – i eit prinsipielt problematisk omfang, som etter vår vurdering kan vera i strid med grunnleggjande prinsipp for open og balansert forvaltning.

Nokre aktørar har «samarbeidd» nært med departementet gjennom heile prosessen med stortingsmeldinga og tiltaksplanane. I høyringsnotatet til tiltaksplanane står det at departementet gjennom hausten 2024 har hatt omfattande dialog med DNT (s. 15).
La villreinen leva! meiner at friluftsorganisasjonane har fått påverke prosessen i så stor grad at legitimiteten til tiltaksplanane blir sett i spel.
Vi stussar ved opplysingane side 108 i stortingsmeldinga om villrein:
«Klima- og miljødepartementet har som ein del av meldingsarbeidet inngått eit samarbeid med sentrale friluftsorganisasjonar, mellom anna for å minimere kostnadene for organisasjonane».
Det står korkje kva samarbeidet inneber, korleis det er framarbeidd eller kven som er med. Kan verkeleg ei stortingsmelding inngå eit samarbeid som skånar friluftsorganisasjonane frå å ta ansvar?
La villreinen leva! støttar Sunndal kommune sin tydelege kritikk av Klima- og miljødepartementet:
Sunndal kommune er ellers overrasket og skuffet over at alle 53 tiltak for Snøhetta villreinområde er frivillige å innføre for veieiere, grunneiere, kommuner, og DNT (blant annet). Vi opplever at KLD hensyntar DNT og andre eksterne brukere i større grad enn lokale og interne brukere. Frivillighet er problematisk av flere årsaker da ansvaret legges på kommunene, både for gjennomføring, men også økonomisk. Sunndal kommune vil påpeke viktigheten av at KLD tar ansvar. DNT Oslo og Omegn varslet allerede dagen etter offentliggjøringen av forslag til tiltak at de ikke vil følge forslagene i sin helhet, det er problematisk og kan skade prosessen.
Sunndal kommune anerkjenner at KLD kan pålegge tiltak, og innføre tiltak gjennom sin myndighet på et senere tidspunkt om kommunene med andre ikke gjør dette selv på nåværende tidspunkt. Slike eventuelle tiltak kan både være strengere, og begrense i større grad. Det er viktig for Sunndal kommune å da påpeke at dette burde rettes mot internasjonale, og nasjonale turister som ikke defineres som lokalbefolkningen. Disse turistene dreier seg i stor grad om tilbud gitt av DNT Oslo og Omegn ved Snøheim og Reinheim turisthytter samt moskusturisme.
Det er uheldig at KLD selv innrømmer at deres egne foreslåtte tiltak er for svake: «Overordnet vurderer departementet at tiltaksplanene som foreslås vil ha liten mulighet til å stoppe den negative utviklingen for villreinen i Knutshø, Snøhetta og Rondane villreinområder innen 2030.»
La villreinen leva! støttar innspela frå Naturvernforbundet Oslo Nord. Det er verdt å merke seg denne kritikken:
«DNT er en voksende reiselivsaktør med monopol i villreinfjellet. De representerer etter vårt syn ikke samfunnsinteresser som fortjener særbehandling. DNT får støtte som miljøorganisasjon over statsbudsjettet fra Klima- og miljødepartementet (jf. kap. 1400, post 70 i Prop. 1 S (2024–2025) – regjeringen.no). Naturvernforbundet Oslo Nord mener det kan stilles spørsmål ved om DNT er berettiget til statlig støtte som klima- og miljøorganisasjon dersom de ikke setter vern av den rødlistede villreinen og villreinfjellets øvrige arter foran sine egne kommersielle interesser.»
Det gjev grunn til alvorleg uro at departementet prioriterer friluftslivet framfor faglege tilrådingar.
Staten må sikre ei heilskapleg arealforvaltning
Det må vera staten sitt ansvar å sikre heilskaplege arealgrenser og vern for arten og vi må derfor ha eit arealpolitisk skifte, der null nye inngrep i villreinområda blir gjort til nasjonal norm.
La villreinen leva! støttar at statsforvaltarane får eit tydelegare mandat til å gripe inn mot «tiltak i villreinområder for å sikre at målene i meldingen om en høy terskel for nye inngrep følges opp i praksis» (s. 5 i høyringsnotatet).

Villreinflokk som beitar i eit område ved Hardangervidda som er planlagt utbygd med skiheis. Foto: Asle Øydvin.
Vi er sterkt kritiske til opplysingane side 7: «Dersom det likevel tillates nye utbygginger skal det settes vilkår som tar hensyn til villreinen gjennom bygge- og driftsfasen, så langt det lar seg gjøre.»
La villreinen leva! meiner at det ikkje kan opnast for kraftutbyggingar, hytter, vegar, alpinanlegg eller annan infrastruktur i eller i nærleiken av villreinområda. Å opne for slike tiltak er i strid med faglege råd og kvalitetsnorma, og bryt med Grunnlova § 112.
Her kan du lesa Grunnlova §112.
«Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.
Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.
Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.»
Vidare utbygging i og kring villreinområda undergrev Noreg sine internasjonale forpliktingar, mellom anna etter Bernkonvensjonen, Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) og Naturavtala.
Om ferdselsrestriksjonar. Villreinen treng ro, ikkje meir aktivitet
Friluftslova og allemannsretten er viktige kulturverdiar i Noreg, men dei må ikkje brukast som skjold mot ansvar. Det trengst ny tenking om «allemannsplikt» i møte med sårbar natur og artar som villrein. Med stadig større besøkstrykk må allemannsretten reviderast for å kunne fungere hensiktsmessig og oppfylle Grunnlova.

La villreinen leva! meiner det bør innførast eit forbod mot kommersiell marknadsføring av aktivitetar inne i verneområde og nasjonalparkane. Det gjeld særleg aktivitetar som rettar seg mot område der villreinen lever.
Skjermdump frå reklameannonse på Facebook.
Når staten har oppretta nasjonalparkar for å verne natur, kan det ikkje samtidig aksepterast at desse områda blir brukt som kulissar i reklame for auka ferdsel og turisme. Marknadsføring av slike aktivitetar er ikkje foreinleg med føre-var-prinsippet og målsetjinga om å redusere presset på villreinområda.

Skjermdump frå reklamefilm på Ut.no der ein influensar oppfordrar deg til å ha Rondeslottet på «bucketlista» di.
Tiltaksplanane viser til behovet for å redusere ferdsel, men vi meiner dei konkrete forslaga er for svake og at det manglar ein overordna strategi for ferdselsstyring. Det må utarbeidast klare og juridisk forankra ferdselsrestriksjonar i alle nasjonale villreinområde, med heimel i naturmangfaldlova og/eller ny eller revidert ferdselslovgjeving. Denne må vera tilpassa reinen sin økologi, ikkje brukarbehovet for turistar og friluftsorganisasjonar.

Villreinen er ein særleg sårbar art når det gjeld forstyrringar frå menneskeleg aktivitet.
Skjermdump frå www.visitnorway.se
Særleg viktige moment:
- Forbod mot kiting, paragliding, hundekøyring og annan ferdsel med høg fart, rekkevidde eller stor synlegheit i og rundt kjerneområde og trekkkorridorar. Særleg i sårbare periodar (kalving og vinter).
- Forbod mot lågflyging med helikopter og fly over villreinområde, inkludert reinsøk, turismebasert flyging og Forsvarets luftaktivitet.
- Omlegging og sesongstenging av stiar og skiløyper i prioriterte område foreslege i faggrunnlaget.
- Sterk reduksjon i kapasitet og tilbod ved betjente og sjølvbeteningshytter og andre turisthytter som ligg i konflikt med reinens arealbruk.
- I tillegg må fjerndrift av sau og organisert beiting i kjerneområde avgrensast, då dette fører med seg høg menneskeleg trafikk, risiko for smittespreiing og konkurranse om beite.
Midlar til tiltak og styrking av forvaltninga
La villreinen leva! meiner det må følgje midlar til det omfattande arbeidet som trengst for å ivareta villreinen. Villreinnemnder, villreinutval og fjellstyra bør styrkast med midlar.
La villreinen leva! støttar ei styrking av Norsk villreinsenter.

Sidan det blir foreslått 15 gonger (!) i høyringsdokumenta at Norsk villreinsenter skal styrkast, forventar vi at auken i støtte blir betydeleg.
La villreinen leva! støttar Molde kommune sine påpeikingar:
– For å skape legitimitet og gjennomføringskraft er det helt avgjørende at tiltaksplanen følges opp med tilstrekkelige ressurser. Molde kommune har en tydelig forventning om at det følger med øremerkede midler, kompetanse og nødvendig rammeverk for å gjennomføre tiltaksplanen, inkludert kompenserende tiltak.
– For å sikre god oppfølging må også villreinforvaltningen styrkes og tilføres ressurser, herunder villreinnemnd, villreinutvalg og fjellstyrer som i stor grad følger opp villreininteressene i Snøhetta.
Vi stiller oss bak Dovrefjell nasjonalparkstyre sine refleksjonar rundt manglande finansiering av tiltak:
«Vi merker oss at forslaget fra KLD gjennomgående ikke legger opp til bruk av nye friske midler gjennom statsbudsjettet til gjennomføring av tiltakene som er foreslått, som DNSP mener er en stor svakhet. Utgifter til tiltak skal finansieres utelukkende gjennom eksisterende økonomiske rammer på miljøområdet. I tillegg til at tiltakene skal være basert på frivillig gjennomføring, mener DNPS at det er for lite tyngde bak og motivasjon nok til å realisere tiltakene som er foreslått. Mange av tiltakene er kostnadskrevende. Det å sikre en levedyktig fremtid for Europas siste ville fjellrein vil koste. Norge har dessuten et særskilt internasjonalt ansvar for å ta vare på arten. Det vil derfor være helt nødvendig å stille ytterligere friske midler til rådighet.»
La villreinen leva! meiner at retningslinene for støtteordninga «Villreinfjellet som verdiskapar» bør endrast, for å sikre at ordninga fungerer hensiktsmessig (ordninga blir omtala som eit tiltak s. 21 i høyringsnotatet).
- Støtteordninga har «økonomisk verdiskaping» som eit krav. At vi menneske tener pengar er truleg irrelevant for villreinen. Økonomisk verdiskaping bør ikkje vera eit krav.
- Retningslinene må endrast slik at ein ikkje kan søkje om støtte til å reklamere for eller å skapa aktivitet inne i villreinområda.
- Søknadsordninga må stille tydelegare krav til dokumentasjon på korleis pengane blir brukt og at støtta blir brukt på ein måte som direkte gagnar villreinen. Eit eksempel: Når Den norske turistforening reiser på møte om tiltaksplanane, sender dei rekninga til støtteordninga «Villreinfjellet som verdiskapar». Vi meiner det er ein svært uheldig bruk av villreinens og fellesskapets midlar.
Villreinen si framtid. Krav frå La villreinen leva!
For å sikre at villreinen framleis skal ha gode liv i eit levande høgfjell, må tiltaksplanane skjerpast, og dei overordna føringane for framtidig forvaltning må styrkast.

La villreinen leva! ber Klima- og miljødepartementet om å ta det nødvendige politiske ansvaret. Dette handlar ikkje om å finne minste motstands veg, men å møte ein kritisk situasjon med mot, kunnskap og solidaritet.
Foto frå Heitkøtter sitt arkiv.
Nedanfor skisserer vi dei viktigaste krava La villreinen leva! meiner må inn i den vidare oppfølginga av tiltaksplanane.
Krav til umiddelbare tiltak i tiltaksplanane:
- Strengare og meir heilskapleg arealforvaltning
Arealinngrep er den største trusselen mot villreinen. All ny hyttebygging, vegutviding og kraftutbygging i eller nær villreinområde må stansast. Eksisterande inngrep må vurderast for reversering.- Reduksjon og styring av menneskeleg ferdsel
Ferdsel i villreinområde må regulerast og i mange tilfelle reduserast, mellom anna gjennom stenging eller omlegging av stiar, reduksjon i hyttekapasitet og styring bort frå kjerneområde.- Sikring og gjenoppretting av trekkvegar
Samanhengande leveområde må etablerast gjennom faunapassasjar, villreintunnelar og fjerning av barrierar.- Forbetring av helseovervaking og sjukdomsførebygging
Overvaking, forsking og smitteførebygging må styrkast, med særleg fokus på skrantesjuke (CWD) og parasittar.- Restaurering av forstyrra leveområde
Tidlegare inngrep må restaurerast, inkludert fjerning av vegar, revegetering og tilbakeføring av areal til natur.- Styrka og meir forpliktande forvaltning
Statsforvaltarar og villreinnemnder må få meir ressursar og myndigheit til å gjennomføre og følgje opp tiltaka. Tiltaka må vera juridisk bindande.
La villreinen leva! meiner at følgjande overordna føringar må liggje til grunn i framtidig forvaltning:
- Eigne nasjonale tilsyn og felles forvaltning av villreinområda
Det må opprettast eit nasjonalt tilsyn for villreinforvaltning, og det må lovfestast nasjonale reglar for bruk og vern av villreinområde som kommunane ikkje kan overstyre. Forvaltninga må vere økologisk heilskapleg og uavhengig av kommunegrenser.
Kvart villreinområde bør få ei eigen administrativ eining med tydeleg nasjonalt mandat, som arbeider etter ei felles forvaltningsforskrift basert på kvalitetsnorma og føre-var-prinsippet.- Endringar i plan- og bygningslova
Lova må reviderast slik at kommunar ikkje kan vedta bygging i prioriterte villreinområde utan nasjonal godkjenning, og slik at nasjonale miljømål får forrang i plansaker.- Styrking av rettsvernet for villreinområde i naturmangfaldlova og arealplanlegging
Vi foreslår at det blir etablert eigne rettslege føresegner for svært utsette artar og leveområde, særleg villreinområda. Desse må sikre at føre-var-prinsippet får avgjerande vekt i all forvaltningspraksis, at alle tiltak vert vurderte gjennom landskapsøkologiske konsekvensutgreiingar og at tiltak som bryt med måla i kvalitetsnorma for villrein kan avvisast på rettsleg grunnlag.- Ny nasjonal ferdselslov eller revisjon av friluftslova
Ein må få eit nytt juridisk rammeverk som gjer det mogleg å regulere og avgrense ferdsel i sårbare fjellområde, særleg med tanke på villreinens behov.- Forvaltningsplanar med rettsleg bindande status
Villreinstrategiar og tiltaksplanar må bli rettsleg bindande dokument, slik at dei faktisk styrer arealbruk og ferdsel i tråd med nasjonale mål og kvalitetsnorma. Dette vil sikre lik praksis og meir effektiv naturforvaltning.
Tilbakemeldingar på dei tre tiltaksplanane
Utbyggingar og aktivitet i randsonene av villreinområda pressar reinen lenger inn i fjellet. For å sikre framtida til villreinen må forholda betrast både i randsonene og i kjerneområda. Vi støttar tiltaka foreslått i faggrunnlaga frå statsforvaltarane.
La villreinen leva! meiner at turistferdselen i Rondane, Knutshø og Snøhetta må avgrensast, medan ein må hegne om lokalbefolkninga sin kunnskap om og berekraftige bruk av fjellnaturen.
Rondane villreinområde
Rondane villreinområde er i ein særleg kritisk situasjon, med mykje ferdsel og press på randsonene. Villreinen sin bruk av areala er sterkt fragmentert. La villreinen leva! er bekymra for departementet si svake oppfølging av Rondane.

I Rondane hastar det å gjera grep, situasjonen er for kritisk til at ein kan vente med å setja i verk harde tiltak. I Rondane er det uansvarleg å la tiltak vera frivillige.
Foto: Terje Kleiven.
Innanfor regional plan for Rondane er det ein tomtereserve på ca. 10.000 nye hytter. Til trass for dette skriv departementet at «det vurderes ikke som aktuelt å innføre nye statlige forbud eller restriksjoner for den kommunale arealforvaltningen i forbindelse med tiltaksplanene».
Å definere tiltaka som frivillige gjev uheldige og urettferdige utslag, og det fører til at kommunar unnlet å gjera grep fordi nabokommunen er enda mindre ansvarleg. Eit skrekkeksempel er handteringa av parkeringsplassen Spranget i Sel kommune, omtala i høyringsnotatet s. 43:
«I fagrunnlaget ble det også foreslått å flytte nasjonalparkgrensa fra Spranget til øvre del av Tjønnbakken (…). Dette vil innebære flytting av parkeringa på Spranget ned til Mysusæter. Etter dialogen med kommunene i forkant av høring, utgår tiltaket slik det står i faggrunnlaget. Blant annet på bakgrunn av at det fremstår uønsket med utvidelse av nasjonalparken lokalt, går ikke departementet videre med dette forslaget fra faggrunnlaget.»
I høyringssvaret sitt skriv Bevar villreinen i Rondane at det er 12 mot 13 stemmer i kommunestyret i Sel som har avgjort denne saka. Vi finn det urovekkjande at lokalpolitiske ynske om bilbasert friluftsliv til parkeringsplassen Spranget får større vekt enn behovet for å sikre reinen sine areal. Kaffe, bolle og denne typen prioriteringar viser korleis frivilligheitslinja svekker naturvernet og hensikta med bevaringsarbeidet.
La villreinen leva! meiner at tiltaka i Rondane er for svake samanlikna med faggrunnlaget, og krev at:
- turisttrafikken til Rondvassbu må reduserast betrakteleg.
- parkeringsplassen Spranget må fjernast og nasjonalparkgrensa flyttast.
- ferdselsomlegging må gjennomførast etter faggrunnlaget sitt oppsett, og det må gjerast grundige vurderingar av kor vidt enkelte turisthytter må stengjast for å sikre villreinens arealbruk.
- all vidare hyttebygging i Rondane må stoppast. Dette kan ikkje kommunane ha ansvar for å regulere.
La villreinen leva! støttar alle innspela i høyringsbrevet frå Bevar villreinen i Rondane.

Foto: Kjell Sveen Stålevik.
Knutshø villreinområde
Tiltaksplanen for Knutshø viser at områdets fragmentering allereie er alvorleg. Planen erkjenner at sjansen for å nå målet om «minst middels kvalitet» innan 2050 er låg, men utan å føreslå dei kraftige tiltaka som trengst.
La villreinen leva! meiner at:
- det må innførast ferdselsrestriksjonar i delar av året og ein må redusere dei mange bilvegane si oppstykking av villreinområdet
- vidare hyttebygging og kraftutbygging i og kring villreinområdet må stoppast fullstendig
- ein må unngå utbyggingar også utanfor det som i dag er villreinområde for å planleggje gjenopprettinga av funksjonelle trekkruter mellom Knutshø, Snøhetta og Rondane
Vidare støttar La villreinen leva! Dovrefjell nasjonalparkstyre sitt forslag til grep:
«Dovrefjell nasjonalparkstyre mener de viktigste grepene er:
• Gjenopprette og sikre trekket øst/vest i Knutshø villreinområde gjennom regulering av ferdsel på vegene
• Legge om Pilegrimsleden fra Vårstigen mot Vinstradalen til Drivdalen og Kongevegen
• Ressurser til verneområdestyrene til informasjon og kommunikasjon
• Gi myndighet til ferdselsreguleringer i deler av området i deler av året
• Gjenopprette trekkmulighetene mellom Snøhetta, Knutshø og Rondane»

Snøhetta villreinområde
La villreinen leva! sluttar seg til Dovrefjell nasjonalparkstyre si skildring av situasjonen:
«Forslaget til tiltaksplan for villrein inneholder mange gode tiltak som til sammen vil bedre villreinens levevilkår. Det er en utfordring at alle tiltakene er basert på frivillig gjennomføring av mange ulike parter. Statlige myndigheter må ta grep for å møte usikkerheten omkring gjennomføringen av tiltakene.
Dovrefjell nasjonalparkstyre mener de viktigste grepene er:
• Gjenopprette og sikre trekket øst/vest over Aursjømagasinet
• Sikre trekket over Stroplsjødalen
• Ressurser til verneområdestyrene til informasjon og kommunikasjon
• Gi myndighet til ferdselsreguleringer i deler av området i deler av året
• Gjenopprette trekkmulighetene mellom Snøhetta, Knutshø og Rondane»
La villreinen leva! støttar Molde kommune sitt forslag:
Det må gjennomføres en total vurdering av hvilke turisthytter på Dovreplatået som skal opprettholde sin aktivitet. Dette må vurderes opp mot reinens vandringer og naturlige bruk av områdene. Flere av kommunene har signalisert at noen av turisthyttene må rives, men det virker som om DNT sine ønsker blir mer ivaretatt en hva kommunene ønsker.
La villreinen leva! støttar Lesja kommune sitt forslag om prøvestenging av Snøheim og Reinheim turisthytter, samt forbod mot fuglehundprøver vest for E6 på Dovrefjell.
Aurautbygginga
Aurautbygginga har påført naturarven og kulturarven i Lesjafjellet stor skade, og er direkte problematisk for Snøhetta-reinen. Ved ei oppgradering av Aura kraftverk forventar La villreinen leva! at dette ikkje fører til nye inngrep eller uro for villreinen i Snøhetta.

Skjermdump frå Statkraft si heimeside.
Molde kommune påpeiker følgjande:
«Molde kommune finner det bemerkelsesverdig at Statkraft som gjennom kraftutbyggingen i området bærer hovedansvaret for utfordringene for villreinstammen i området, i praksis slapp unna alle vesentlige avbøtende tiltak for villreinen i området.»
Klima- og miljødepartementet må generelt stille mykje større krav til at kraftindustrien gjev pengar og areal attende til naturrestaurande tiltak, og gjenoppretting av økosystem.
Som følgje av den omfattande nedbygginga av natur i Noreg er det behov for ei bevisstheitsendring. Politikarar og næringsliv vil etter kvart måtte innsjå at kortsiktig økonomisk vinning har ein lågare verdi enn langsiktig berekraftig bruk av naturen og fungerande økosystem.
La villreinen leva! støttar innspela i høyringsbrevet frå Bevar Dovrefjell mellom istidene (BDMI).
Snøheim
Det er grunn til å stille spørsmål ved om forholdet mellom villreininteressene og turistferdselen knytt til Snøheim er evaluert i samsvar med domspremissane frå Borgarting lagmannsrett. Bevar Dovrefjell mellom istidene vil ta opp denne saka i eit separat skriv, og La villreinen leva! støttar initiativet.

Etter at skytefeltet på Dovrefjell vart lagt ned, fekk DNT Oslo og omegn hytta Snøheim av ein statsråd, ei gåve som var lovstridig.
Foreninga Bevar Dovrefjell mellom istidene saksøkte i 2010 staten for utbyggingsløyvet ved Snøheim. Foreninga tapte med knapp margin, sidan DNT-hytta hadde vore open såpass kort tid at det ikkje kunne bevisast at ho var til skade for villreinen.
I Borgarting lagmannsretts dom av 14.10.2013 heiter det i domspremissane s. 13:
«Avslutningsvis viser lagmannsretten også til at departementets vedtak forutsetter en løpende evaluering av forholdet mellom turistferdselen og villreininteressene i området. Turistforeningen Oslo og Omegn er pålagt å samarbeide med villreinmyndighetene om en slik evaluering, og spørsmålet skal også vurderes i forbindelse med senere revisjoner av forvaltningsplanen for nasjonalparken».
Departementet krev ikkje berre ei løpande evaluering mellom DNT og villreinmyndigheitene, departementet gjev òg uttrykk for at det er eit sentralt vilkår for løyvet.
La villreinen leva! kjenner ikkje til at det er gjennomført ei slik evaluering. Vi meiner at løyvet til drift av Snøheim vil falle bort dersom ei slik løpande evaluering blir neglisjert.
La villreinen leva! håpar på kraftige grep og ein redningsplan som sikrar villreinen si framtid. Vi kan ikkje springe frå den viktigaste natur- og kulturarven vår.
La villreinen leva! er ei landsomfattande foreining stifta i 2024 for å ta vare på villreinfjella.
Foto: Kjell Sveen Stålevik.