Av: Rigmor Solem, styremedlem i La villreinen leva!
Lesetid: 5 minutt
Før låg fjellet i fred om vinteren. I dag har vi gjort vinterfjellet til ein leikeplass midt i den mest sårbare tida for dyrelivet. Verken årstid eller avstand er lenger eit hinder for oss menneske.
Bruken av vinterfjellet i eit historisk perspektiv
Menneskeleg ferdsel og bruken av fjellet for 150–200 år sia var i mange område mykje meir omfattande enn i dag. Seterbruk, husdyrdrifter, jakt, fiske og fangst var på sitt mest intensive frå 1830 til 1920. Men det er eit stort men, denne bruken føregjekk hovedsakleg om sommaren, frå slutten av juni til oktober. Fjellnaturen fekk langt på veg fred for folk og fe frå tidleg vinter til førefall i juni.
Etter 1950 har bruken av vinterfjellet gått bratt til værs bokstavleg talt. Ein bruk som representerer noko heilt nytt i eit historisk perspektiv. For naturmiljøet vart det slutt på den lange vinterfreden da fritidsbruken av fjellet avløyste næringsbruken.
Vi gjev dyrelivet lite handlingsrom og tek frå dei evna til å tilpasse seg ei verd i rask endring. Ei verd som endrar seg så raskt at dei som er sett til å forvalte våre felles ressursar ikkje ein gong heng med.

Foto: Asle Øydvin
Frå sleper til kvistaløyper
På kryss og tvers av Hardangervidda går slepene. Det er berre her på Europas største fjellplatå det heiter slepe. Ordet stammar frå slipan, la gli, eit uttrykk nytta av dei gamle fjellfolka om stiar mellom dei ulike bygdene rundt Vidda. Slepene er nytta sia uminneleg tid. Dei bruka slepedrag for å frakte fisk, kjøt og mangt anna over fjellet. Eit drag med ei tverrstong nedst for å spenne seg sjøl eller hesten framfor. Det er ferdsel til fots med eller utan hest som er tradisjon i bruken av fjellet sommarstid.
For om lag 100 år sia begynte DNT å kviste ruter i vinterfjellet som ei følgje av fleire dødsulykker i byrjinga av 1920-talet. Målet var i tillegg til auka sikkerheit å gjere det lettare for folk å komme seg ut i vinterfjellet. I dag blir 4300 kilometer vinterløyper merka, i hovudsak mellom dei store betjente turisthyttene. Vinterløypene blir kvista med bruk av snøskuter i god tid før påske, og i enkelte område ofte før vinterferien i februar. Dei moderne slepene legg dermed til rette for ein auka bruk av vinterfjellet i ei tid som er særs sårbar for faunaen.
Den sårbare vårvinteren
I samtale med fjellfolk med lang erfaring kjem vi ofte inn på dei artane som lever året rundt i fjellnaturen. På spørsmål om kva som er den mest sårbare tida, blir vårvinteren framheva. Ei tid der dyr og fuglar treng ekstra ro og fred etter ein lang vinter.
Ikkje lenge etter at nyttårsrakettane har skremt vettet av dyr og fuglar i by, bygd og hyttekoloniar, startar dei kommersielle aktørane i inn- og utland å reklamere for turar i vinterfjellet. Allereie den 10. januar var DNT, den største aktøren av alle her til lands, ute med si marknadsføring i sosiale media. Dei lokkar med snødekte fjell, skiturar og hyggelege kveldar med god mat og drikke på dei betjente hyttene langt til fjells. Omtrent dagleg sper dei på med reklame om toppturar, kurs og fellesturar. Ei av dei store DNT-hyttene, Sota Sæter lokkar med «Pudderfest i Breheimen». Tindevegledar Nils Faarlund sa det treffsikkert i eit intervju i ei større avis: «Jeg mener DNT i dag er med på å skape en unaturlig interesse for bragder og skalper der naturen reduseres til et spørsmål om attraksjon».
I tillegg til dei nasjonale og lokale aktørane dukkar det opp fleire og fleire utanlandske turoperatørar som lokkar med «Spring skiing» i Jotunheimen og «Winter Expedition» på Hardangervidda i april. Dei kvista løypene på kryss og tvers i vinterfjellet lokkar utlendingane til våre fjell. Den gode gamle allemannsretten gjer det nærmast fritt fram. Det at du kan gå der du vil og telte der du vil er eit privilegium utlendingane veit å utnytte. Den same retten gjeld i våre nasjonalparkar.
Hyttebyane i fjellbjørkeskogen
I overgangen mellom snaufjell og barskog finst fjellbjørkeskogen. Ein artsrik naturtype spesielt for Norge og nordlege Norden. Rundt om i fjellbygdene er det nettopp i denne skogen ein finn hyttebyane, med kort veg til snaufjell og beskytta mot dei hardaste vinterstormane. Etter mange år med massiv hyttebygging der kommunane nærmast konkurrerer om å tilby dei finaste tomtene, beste alpinbakkane og dei beste skiløypene, er det ikkje mykje urørt fjellbjørkeskog att.
I Gudbrandsdalen er turisme og hyttebygging ei stor næring. Ein eigedomsutviklar uttala nyleg i ei lokalavis at dei som har dei store alpinanlegga og velutvikla skiløyper har store fordelar. Men han understreka at dei stadig må legge til rette for vidareutvikling. Slike utsegn legg press på kommunane og politikarane om å vere best. Det blir ofte framheva at fortetting i hyttebyane vil spare naturen ikring. Men, dess fleire folk dess fleire vil ut på tur i løypene året rundt.
I eit fugleperspektiv, sett frå småfly, vil ein i Valdres sjå at skiløypene tråklar seg fram i sårbar fjellnatur med utgangspunkt i dei mange store hyttebyane. Allereie før jul er trakkemaskinene ute på sine turar for å kjøre opp løyper til hyttefolket før ferien. Og i dei brattaste bakkane ser ein spor etter randonefolket. Ein kan lure på om dei har tanke for anna enn sine eigne opplevingar og prestasjonar. Kva med viltet som naturleg høyrer heime i dette naturmiljøet?
Kva ville Mikkjel Fønhus ha sagt om han hadde levd i dag? «Der villmarka suser» tilhøyrer ei anna tid dessverre, og slagbjørnen Rugg er for lengst historie i Vassfaret.
Rigmor Solem er tidlegare fjelloppsyn og naturoppsyn på Hardangervidda og Jotunheimen.
Foto: Arne J. Mortensen
