Villrein og turisme: – Den største aktøren må ta størst ansvar

Debattinnlegg av Jan Øvregård, styremedlem i La villreinen leva!
Innlegget er tidlegare publisert i Hardanger Folkeblad.

Det er ikkje turistar med kaffikopp i handa som ser kva som skjer på vidda. Det gjer me som står der, år etter år, og ser flokkane snu ved DNT-stiane.

Enkelte meinar at det er lettvint å skulda på turismen. Eg meinar det er lettvint å lata som ferdsel ikkje har noko å seia.

Det er interessant å lesa kva NINA-forskar Terje Skogland  skreiv i Stortingsmelding 245 frå 1993. NINA-forskerane seier i dag det same som Skogland gjorde for over 30 år sidan.

Faktabasert kunnskap som DNT krever, har vore tilgjengeleg i fleire tiår. At ikkje alle tek dette innover seg, betyr ikkje at kunnskapen ikkje finst.

Skogland peika på fleire forhold som er svært aktuelle:

  • Kalvingsområda ligg på vestsida av vasskilje, i tilknyttning til sommarbeita.
  • Vinterbeita ligg på austsida, medan sommarbeita ligg på vestsida, der det er dobbelt så mykje grøn vegetasjon.
  • For reinen er mennesket ein like stor fiende som ulv og jerv.
  • Reinen reagerar like sterkt på ein fjellvandrar som på ein jeger, og fryktreaksjonen aukar med graden av forstyrring.
  • Mange gjentatte forstyrringar vil medføra at reinen skyr heile området.

Dette ser eg tydeleg i Hellevassfjellet.

I juli og august i år var det ingen merka dyr som kryssa vestover DNT-stien mellom Haukeliseter, Hellevassbu og Litlos. Dette vert meir tydeleg for kvart år som går. På lang avstand såg eg i år berre to små fostringsflokkar på omlag 200 dyr og omlag 100 bukkar som kryssa DNT-stien i slutten av mai.

Dette er ikkje eit nytt problem. Røldal fjellstyre skreiv alt i 1980 at Hellevassbu låg «svært strategisk til for skituristar og andre», og at trafikken der skjedde langs fleire av villreinen sine gamle trekkruter.

Fjellstyret åtvara om at dette var «til stor skade for villreinområdet». Over 40 år seinare ser me at problema er dei same – berre meir tydelege. Det hjelper lite å stenga Torehytta dersom reinen står aust og sør for Hellevassbu.

Eg meiner det er avgjerande at Hellevassbu vert stengd, slik tiltaksplanen seier. Også om vinteren bør hytta stengast. Storheller, som ligg sør for Hellevass, er eit viktig område for reinen gjennom heile året. Dette området er mykje brukt av telemarkingane til jakt.

Nord–sør-aksen i stinettet vert ikkje broten, sidan det går DNT-sti frå Valldalen (Middalsbu) til Haukeliseter, lenger vest. Skyttelbuss er planlagt frå Nupshallene til Haukeliseter.

Området Reinsnos-Rossnos må ikkje tilretteleggast for turisme. Dette er eit høgalpintområde likt Sandfloegga (1721 moh.) og Nupsegga (1674 moh.), som vil bli særs viktige i møtet med klimaendringane.

Kvalitetsnormen og fleire NINA-rapportar dokumenterar uroeffektar av ferdsel. Der kunnskapen er usikker, krev naturmangfaldlova paragraf 9 at føre-var-prinsippet blir brukt.

Når ferdsel skadar ein nasjonal ansvarart som villrein, må naturen prioriterast.

Om me meiner alvor med å ta vare på villreinen, må me handle deretter. Når berre tre prosent av brukerane på Hardangervidda er lokale (kjelde: NINA-rapport 1903), må dei som set avtrykk ta ansvar.

Den største aktøren må ta størst ansvar. 

Lat reinen få fred.

Jan Øvregård
Styremedlem i La villreinen leva!

Foto: privat